Historisk arkiv

Martin Kildal utnemnd til prost i Indre Helgeland prosti

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

Rådgjevar Martin Kildal vart i statsråd fredag utnemnd til prost i Indre Helgeland prosti i Sør-Hålogaland bispedøme.

Pressemelding

Nr.: 73/06
Dato: 30.06.2006
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Ole Herman Fisknes, tlf 22 24 79 00

Martin Kildal utnemnd til prost i Indre Helgeland prosti

Rådgjevar Martin Kildal vart i statsråd fredag utnemnd til prost i Indre Helgeland prosti i Sør-Hålogaland bispedøme.

Martin Kildal tok teologisk embetseksamen i 1981 og vart ordinert til prest i 1982. Han har vore kretssekretær i Helgeland krets av Noregs Kristelege Ungdomsforbund og vikarprest i Sør-Hålogaland bispedøme. Kildal har vore sokneprest i Sørfold, institusjonsprest i Rana og sokneprest i Hemnes. Han er no rådgjevar i Trygdeetatens Arbeidslivssenter i Nordland.