Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Ny støtteordning for fri scenekunst

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Kultur- og kirkedepartementet

Regjeringa setter av 6 millionar kroner til ei ny tilskotsordning for fri scenekunst. Ordninga er øyremerkt meir langsiktig finansiering av nokre teater- og danseensemble.

Pressemelding

Nr.: 112/06
Dato: 06.10.2006

Ny støtteordning for fri scenekunst

Regjeringa setter av 6 millionar kroner til ei ny tilskotsordning for fri scenekunst. Ordninga er øyremerkt meir langsiktig finansiering av nokre teater- og danseensemble.

– Målgruppe for ordninga er frie grupper som over tid kan visa til særskilt høgt kunstnarleg nivå, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.

Ordninga skal gi større økonomisk tryggleik, sikre kunstnarleg aktivitet og gi rom for planlegging over eit lengre tidsperspektiv enn prosjektstøtteordningar kan gi.

– Dette fyller rommet mellom årlege prosjektmidlar og faste institusjonar. Dei raudgrøne foreslo dette under den førre regjeringa. No gjennomfører vi det og følgjer opp Kulturlyftet, seier Giske.

Det er ein føresetnad at Jo Strømgren Kompani får tilskot frå ordninga.

Til toppen