Historisk arkiv

Kammermusikkfestivalen i Stavanger får auka tilskot

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Regjeringa foreslår i tilleggsproposisjonen til statsbudsjettet for 2008 å gi Kammermusikkfestivalen i Stavanger eit fast årleg tilskot frå Kultur- og kyrkjedepartementet sitt budsjett. Festivalen får også ein auke i tilskotet for 2008 på 400 000 kroner.

Kammermusikkfestivalen i Stavanger har fram til no fått støtte frå tilskotsordninga for musikkfestivalar under Norsk kulturråd.

 – Norsk kulturråd har på oppmoding frå departementet tilrådd at Kammermusikkfestivalen i Stavanger får same budsjettstatus som festivalane i Risør, Trondheim og Oslo. Dette faglege rådet følgjer vi no opp, seier kultur- og kyrkjeminister Trond Giske.

Det er ein føresetnad at det regionale tilskotet ikkje blir redusert, og at det utgjer minst 40 prosent av heile det offentlege tilskotet.