Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Rundskriv V-14N/2006

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kultur- og kirkedepartementet

Oppfølging av lov om målbruk i offentleg teneste

Stortinget behandla 16. mars St.meld. nr. 7 (2005–2006) Målbruk i offentleg teneste. Innhaldet i meldinga rettar seg direkte til alle sentrale statsorgan.

Til alle sentrale statsorgan

 

Nr.

Vår ref

Dato

V-14 V/2006

2006/00036KU/KU3IE

17.03.2006


Oppfølging av lov om målbruk i offentleg teneste

Kultur- og kyrkjedepartementet vil med dette informera om at Stortinget 16. mars 2006 behandla St.meld. nr. 7 (2005–2006) Målbruk i offentleg teneste, jf. Innst. S. nr. 98 (2005–2006). Innhaldet i meldinga rettar seg direkte til alle sentrale statsorgan. Vi ber om at dette rundskrivet blir distribuert til alle tilsette med leiaransvar på ulike nivå.

Mållova med forskrift 1Lov 11. april 1980 nr. 5 om målbruk i offentleg teneste, jf. forskrift 5. desember 1980 nr. 4938 om målbruk i offentleg teneste. krev som kjent at alle sentrale statsorgan skal veksla mellom bokmål og nynorsk i rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang og liknande, slik at det over tid blir minst 25 pst. av kvar målform. På langt nær alle statsorgan etterlever dette lovkravet. Mange skriv for lite nynorsk, nokre altfor lite. Det er svært uheldig at staten på denne måten ikkje respekterer grunnleggjande lovkrav. Dermed blir også den nynorske målforma for lite synleg i det offentlege rommet.

I stortingsmeldinga varslar regjeringa auka innsats for å fremja nynorsk målbruk i staten. Ambisjonen er at statsorgana innan eit par år skal kunna dokumentera minst 25 pst. nynorsk, slik regelverket krev.

Derfor gir no regjering og storting klar beskjed til statlege leiarar på alle nivå om at reglane for målbruk i staten skal etterlevast. Å sjå til at dette skjer, er ei tenesteplikt på linje med andre embets- og tenesteplikter. Hovudansvaret kviler på den øvste leiaren i kvart enkelt statsorgan.

Regjeringa peikar i meldinga på at målbruksreglane er ein del av dei grunnleggjande sakbehandlingspliktene i staten. Det er ikkje høve til å sjå bort frå slike reglar eller over tid prioritera dei ned fordi andre omsyn kan kjennast meir presserande i det daglege. Dette har med overordna planlegging av verksemda å gjera. Lang erfaring viser at positive haldningar og aktiv oppfølging på leiarnivå er ein avgjerande føresetnad for suksess i arbeidet med språkleg jamstilling i staten.

Konklusjonen i stortingsmeldinga er at regjeringa no ventar at alle statlege leiarar tek på seg det ansvaret dei har, og gir eit klart signal internt i eigen organisasjon om at målbruksreglane skal følgjast til punkt og prikke. Dette har Stortinget slutta seg til.

Vi ber alle statsorgan gå gjennom måljamstillingsarbeidet sitt. I første omgang må ein prioritera å koma opp i minst 25 pst. nynorsk i det informasjonstilfanget som blir lagt ut på Internett. Det er i stortingsmeldinga vist til at nettstaden eller heimesida på mange måtar er det andletet som institusjonen viser fram for omverda. Her er det derfor særleg viktig at den nynorske målforma er godt synleg.

Skal vekslinga mellom nynorsk og bokmål fungera, må ein ha interne koordinerings- og registreringsrutinar som gjer at ikkje alle aktuelle dokument meir eller mindre automatisk blir skrivne på bokmål. Slike rutinar må vera konkrete og operasjonelle, og dei må kombinerast med eit oppfølgingssystem som gjer at dei fungerer også i praksis.

For nærmare informasjon om dette viser vi til brev frå Språkrådet i samband med innhenting og oppfølging av den årlege målbruksrapporteringa.

I Språkrådet blir det no arbeidt med å byggja opp ei særskild språkteneste for statsorgan. Språktenesta skal ha to oppgåver: a) å medverka til at bruksfordelinga mellom bokmål og nynorsk blir i samsvar med krava i mållova, og b) å arbeida for god språkleg kvalitet på alle dokument som blir laga i statstenesta, same kva norsk målform dei er skrivne på.

Etter kvart skal statsorgan kunna venda seg til språktenesta for å få hjelp og støtte, til dømes om dei har problem med å skriva god og korrekt nynorsk. Statsorgan som har slike behov, kan alt no ta kontakt med språktenesta på tlf. 22 54 19 78 (seniorrådgjevar Ola I. Breivega) eller 22 54 19 50 (sentralbordet).

Med helsing

Stein Sægrov e.f

 

Ingvar Engen

avdelingsdirektør

 

seniorrådgjevar