Historisk arkiv

Oppgåver for eit kompetansesenter for distriktsutvikling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Oppgåver for eit kompetansesenter for distriktsutvikling

Det overordna målet er at kompetansesenteret skal støtte opp om lokal utviklingskraft og lokale initiativ. Senteret skal vere ein ressursbase for lokalt utviklingsarbeid gjennom innhenting og formidling av kunnskap, erfaringar og eksempel på ”best practise”. Det skal systematisk bygge opp og formidle kunnskap om praktisk utviklingsarbeid på lokalt nivå.

Kunnskapsoppbygging og erfaringsoverføring

Kunnskapsoppbygging og erfaringsoverføring innanfor distrikts- og regionalpolitikken bør verte vesentleg styrkt. Det finst i dag ikkje aktørar eller miljø som systematisk tek vare på dei oppgåver kompetansesenteret vil få ansvar for. Innovasjon Norge, SIVA og Forskingsrådet har for eksempel ikkje som oppgåve å ivareta eit heilskapleg perspektiv på lokal samfunnsutvikling. Kompetansesenteret vil trekke på forskingsmiljø, blant anna gjennom ei bestillarrolle, og skal ikkje vere eit nytt forskings- eller utgreiingsinstitutt.

Trongen for å ivareta slike oppgåver på ein systematisk måte vert underbygd blant anna av ein gjennomgang av røynsler med program retta mot småsamfunn og småkommunar som Norsk senter for bygdeforsking gjorde i 2004, på oppdrag frå Distriktskommisjonen.

Fokus på utviklingsarbeid

Senteret bør innrette sin aktivitet ut frå eit heilskapleg, bærekraftig perspektiv på lokal samfunnsutvikling. For å unngå overlapping med det ordinære virkemiddelapparatet skal kompetansesenteret ikkje ha oppgåver knytt til utvikling av, eller direkte støtte til, einskildverksemder. Senteret skal ikkje ha forvaltningsoppgåver. Senteret vil kunne samarbeide med andre aktuelle aktørar om utviklingsstrategiar og –tiltak som er retta inn mot primærnæringane, samt lokal service/tenesteyting.

Senteret bør ha eit hovudfokus på utviklingsarbeid og lokale utvikingsprosessar. Senteret skal ikkje vere "monopolist" på slike oppgåver, men vere drivkraft i eit nettverk av utviklingsmiljø og -arenaer

Vidare utvikling av kompetansesenteret si rolle og oppgåver vil ta utgangspunkt i følgjande kjerneoppgåver:

• Systematisk innhenting, formidling og utveksling av kunnskap og erfaringar

• Nettverks- og arenabygging

• Analyse og spreiing av kunnskap om utviklingstrekk i distriktsområde.