Historisk arkiv

Auka innsats til regional og lokal utvikling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 06.02.06

Regjeringa vil gjennomføre eit distriktspolitisk løft. Målet er å leggje til rette for likeverdige levekår og oppretthalde hovudtrekka i busettingsmønstret. Det er sett av 1 062, 03 millionar kroner til fylkeskommunane for regional utvikling i 2006.

Pressemelding

Nr.: 09/2006
Dato: 06.02.2006

Auka innsats til regional og lokal utvikling

Regjeringa vil gjennomføre eit distriktspolitisk løft. Målet er å leggje til rette for likeverdige levekår og oppretthalde hovudtrekka i busettingsmønstret. Det er sett av 1 062, 03 millionar kroner til fylkeskommunane for regional utvikling i 2006.

– Med denne auken vil fylkeskommunane få eit større handlingsrom, både til å gjeninnføre kommunale næringsfond og til å styrke dei bedriftsretta verkemidla gjennom Innovasjon Noreg, seier Kommunal- og regionalminister Åslaug Haga.

Regjeringa er oppteken av å styrke kommunane sin rolle i distriktspolitikken. Kommunale næringsfond er eit viktig verkemiddel for å styrke lokalt utviklingsarbeid. Det er difor lagt til grunn ei ramme på 100 millionar kroner for å gjeninnføre kommunale næringsfond. Løyvinga inngår som ein del av skjønnstildelinga til fylkeskommunane.

Regjeringa er også oppteken av å styrke løyvingane til direkte bedriftsretta verkemiddel gjennom Innovasjon Noreg. Det er stor etterspurnad etter ordningar som investeringstilskot, bedriftsutviklingstilskot og etablerarstipend.

Fordelinga blir slik (tal i millionar kroner):

Fylke

Fordeling 2005

Fordeling 2006

Østfold

16, 70

18, 30

Akershus

5, 40

5, 64

Oslo

5, 40

5, 64

Hedmark

68, 46

73, 45

Oppland

53, 26*

55, 02*

Buskerud

17, 58

20, 01

Vestfold

5, 40

5, 64

Telemark

38, 71

43, 11

Aust-Agder

13, 67

17, 87

Vest-Agder

12, 45

16, 39

Rogaland

18, 05

22, 37

Hordaland

50, 44

50, 56

Sogn og fjordane

109, 82

71, 41

Møre og Romsdal

75, 88

86, 55

Sør-Trøndelag

66, 82

74, 19

Nord-Trøndelag

78, 99

84, 34

Nordland

193, 94

210, 24

Troms

120, 69

133, 97

Finnmark

110, 37

114, 88

SUM

1 062, 03

1 109, 58

Oppland si ramme inngår i forsøket Fritt fram. Fritt fram er eit utviklingsprosjekt der fylkeskommunen har fått råderett over fleire statlege midlar. Målet er betre målretting og auka fleksibilitet i bruken av regionale utviklingsmidlar, samt å styrke dei folkevalde organa lokalt og regionalt. Samla ramme til Oppland er 80,413 millionar kroner.

Kommunal- og regionaldepartementets pressetelefon: 22 24 25 00.

www.krd.dep.no