Historisk arkiv

Forsvarskommunar får 19,5 millionar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Pressemelding 20.03.06

Regjeringa løyver 19,5 millionar kroner til kommunar der Forsvaret innskrenkar eller legg ned.

Pressemelding

Nr.: 21/2006
Dato: 17.03.2006

Forsvarskommunar får 19,5 millionar

Regjeringa løyver 19,5 millionar kroner til kommunar der Forsvaret innskrenkar eller legg ned.

Moderniseringa av Forsvaret gjer at enkelte kommunar mistar arbeidsplassar. Kommunal- og regionaldepartementet har i samråd med Forsvarsdepartementet fordelt 19,5 millionar kroner. Fylkeskommunane fordeler løyvingane.

- Sjølv om kommunane i mindre grad blir råka av moderniseringstiltaka denne gongen, blir verknadene likevel store for økonomi og sysselsetjing i enkelte kommunar. Derfor er det nødvendig med ekstra midlar, seier statsråd Åslaug Haga.

- Med nye midlar kan fylkeskommunen, i samråd med dei kommunane som blir råka, setje i gang tiltak for å styrkje nærings- og busetjingsgrunnlaget der Forsvaret legg ned eller reduserer verksemda og det er vanskeleg å skaffe alternative arbeidsplassar, seier Haga.

For 2006 har departementet fordelt 19,5 millionar kroner slik:

FYLKE

TILDELING
(1000. KR.)

Hedmark

3 500

Buskerud

4 500

Sogn og Fjordane

3 000

Nordland

5 500

Troms

1 000

Finnmark

2 000

SUM

19 500

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.