Historisk arkiv

Lokaldemokratikommisjonen legg fram si andre utgreiing

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Lokaldemokratikommisjonen overleverer tysdag 4. april si andre utgreiing, "Det lokale folkestyret i endring? Om deltaking og engasjement i lokalpolitikken" til kommunal- og regionalminister Åslaug Haga.

Pressemelding

Nr.: 40/2006
Dato: 31.13.2006

Lokaldemokratikommisjonen legg fram si andre utgreiing

Lokaldemokratikommisjonen overleverer tysdag 4. april si andre utgreiing, "Det lokale folkestyret i endring? Om deltaking og engasjement i lokalpolitikken" til kommunal- og regionalminister Åslaug Haga.

Lokaldemokratikommisjonen er breitt politisk samansett. Alle dei politiske partia som sit på Stortinget er representerte. Fire av medlemane i kommisjonen representerer kommunesektoren og to av medlemane er forskarar med lokaldemokrati og kommuneforvaltning som fagfelt. Kommisjonen blir leia av ordførar Leif Johan Sevland frå Stavanger.

Kommisjonen la i april i fjor fram si første utgreiing, ”Samspill og tillit – Om staten og lokaldemokratiet”.

  • Tid: Tysdag 4. april kl. 13.00
  • Stad: Regjeringskvartalet R5, rom 1129, Akersgata 59

Les meir om Lokaldemokratikommisjonen på Internett.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00