Historisk arkiv

Kommunar i Sør-Østerdal vald ut som Grøne energikommunar – Oppland første grøne fylkeskommune

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionalminister Åslaug Haga lanserar kommunane Trysil, Åmot, Elverum, Stor-Elvdal og Engerdal som Grøne energikommunar.

Kommunal- og regionalminister Åslaug Haga lanserar kommunane Trysil, Åmot, Elverum, Stor-Elvdal og Engerdal som Grøne energikommunar.

- Ved å utnemne desse kommunane ønskjer vi å forsterke det gode samarbeidet desse kommunane allereie har om bioenergi, seier Haga.

Grøne energikommunar er eit prosjekt som Åslaug Haga lanserte tidlegare i år. Kommunane som blir vald ut skal satse på energieffektivisering, fornybar energi, og å få ned klimagassutsleppa i sin kommune. Ifølge forskarar ved Cicero og TØI kan kommunane bidra til å redusere klimagassutsleppa med opptil 15 prosent.

- Kommunane i Sør-Østerdal har ambisjonar. Gjennom samarbeidet med Høgskolen på Rena har ein gode føresetnader for å byggje opp eit kompetansesenter for bioenergi. Økt energikompetanse i kommunane er ein føresetnad for å få til ei miljøvennleg energiomlegging og kunnskap om klimautfordringane. Eit resultat av satsinga her i Sør-Østerdal er at mellom anna Rena leir skal varmast opp med bioenergi, som er eit glitrande døme på kva man kan oppnå lokalt, seier Haga.

Landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen lanserte torsdag Oppland som Grøn fylkeskommune. Oppland fylkeskommune har vist store ambisjonar når det gjeld bioenergi, og har mellom anna vedteke at 30 prosent av all stasjonær energibruk i 2010 skal vere frå bioenergi.

Om Grøne energikommunar:
"Grøne energikommunar" handlar om å få kommunane til å satse på energieffektivisering, alternativ fornybar energi, som bioenergi, og å få ned klimagassutsleppa i kommune-Noreg. KRD skal bruke 30 millionar kroner til prosjektet og vil mellom anna bidra med midlar til klima- og energipådrivarar i dei enkelte nettverka.

Kommunal- og regionaldepartementets pressetelefon: 22 24 25 00.