Historisk arkiv

Voss får 1 million til stadutvikling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

139

Vangsgata på Voss er eit av dei utvalgde signalprosjekta i det nye stadutviklingsprogrammet BLEST. Vosseprosjektet får ein million kroner. - Eg gler meg til å sjå kva Voss får til, seier kommunal- og regionalminister Åslaug Haga.

Vangsgata på Voss er eit av dei utvalgde signalprosjekta i det nye stadutviklingsprogrammet BLEST. Vosseprosjektet får ein million kroner.
- Eg gler meg til å sjå kva Voss får til, seier kommunal- og regionalminister Åslaug Haga.


For å sette ekstra fokus på arbeidet med stadutvikling i norske kommunar og fylkeskommunar, har Husbanken på vegne av Kommunal- og regionaldepartementet lansert eit nytt program for utvikling av små byar og tettstader. Programmet "BLEST - Bolyst og engasjement i små byer og tettstader" skal gå over fire år. Føremålet med programmet er å stimulere til og støtte opp under arbeidet med tettstadsutvikling som alt finst i norske kommunar og fylkeskommunar.

- Fylkeskommunane får midlar til dette over statsbudsjettet, og ein styrkt kommuneøkonomi legg betre til rette for satsing i kommunane. I tillegg, for å stimulere meir i dette arbeidet, har Husbanken plukka ut og støttar spesielt opp under enkelte gode prosjekt med midlar og fagleg kompetanse, seier kommunal- og regionalminister Åslaug Haga.

Statsråd Haga strekar under at dette initiativet ikkje er det eine store svaret på utfordringa med å utvikle meir attraktive bygder og småbyar, men at programmet og signalprosjekta er eit ekstra tillegg til arbeidet som alt blir gjort på feltet.

- Tanken er å vise fram stader der det finst eit lokalt engasjement bak gode prosjekt og understøtte desse. Eit viktig siktemål er å sette stadutvikling på dagsorden, skaffe fram kunnskap og vere med på å spreie dei gode røynslene slik at dei kan nyttiggjerast av fleire, seier kommunalministeren.

Eitt eksempel på eit godt prosjekt fann Husbanken på Voss. Her gjeld det å fullføre eit gateprosjekt med å ruste opp og fargesette fasadane i den nye Miljøgata. Vangsgata har ein viktig norsk historie med etterkrigsarkitektur. No har gategolvet og design av byelement blir gjennomført, det som står att er fasadane, det er sjølve smykket i gata, det er det ein ser og det er det som gjer at gata vert komplett som møteplass i sentrum. Husbanken har løyvd ein million kroner til å fargesette Vangsgata på Voss som eit signalprosjekt i programmet BLEST.     

Staten og kommunen går eit steg vidare med å ta del i fasadeopprusting som ein del av stadutviklinga. Til grunn for prosjektet ligg eit solid fargeprosjekt ”Farge for arkitektur” utvikla i regi av Norsk Form over fleire år, med fargeplanar for Notodden, Haugesund og Voss.

- På Voss har det over 5 år vore stort engasjement blant ildsjeler for Vangsgata, og ildsjeler trengst for å skape attraktive stader, oppsummerar Åslaug Haga.

Heile programmet BLEST er å finne på Husbanken sine heimesider,


Kommunal- og regionaldepartementets pressetelefon: 22 24 25 00