Historisk arkiv

Kleppa møter kommunesektoren om tiltakspakke

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa ønskjer innspel frå kommunesektoren om tiltak som kan dempa utslaga av finanskrisa og auka den økonomiske aktiviteten. Derfor inviterer ho KS til eit ekstra konsultasjonsmøte 11. desember.

Regjeringa vil leggja fram ei finanspolitisk tiltakspakke i overgangen januar/februar neste år. Målet er å dempa verknadene av den internasjonale finanskrisa i Noreg.
Situasjonen for kommunesektoren blir vurdert særskilt i arbeidet med tiltakspakka. Staten ønskjer dialog med KS for å få innspel og vurderingar rundt innretning av ei slik tiltakspakke og kva kommunane kan bidra med.

– Eg har invitert KS til å utarbeida eit skriftleg innspel som skal liggja til grunn for regjeringa sitt vidare arbeid, seier Kleppa.

Statsråden ber KS vurdera kva for tiltak kommunane kan setja i verk raskt og som kan gje rask verknad på den økonomiske aktiviteten.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.