Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

- Partia må ta ansvar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Ei ny undersøking viser at retting på stemmesetlar har lite å seie for kven som får politiske verv. – Dei politiske partia må sjølve ta ansvar for mangfaldet, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Ei ny undersøking viser at retting på stemmesetlar har lite å seie for kven som får politiske verv. – Dei politiske partia må sjølve ta ansvar for mangfaldet, seier kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa.

Personvalordninga ved kommunestyre- og fylkestingsvalet gjer at veljarane kan stemme fram enkeltkandidatar på vallistene. Trass i at 40 prosent av veljarane brukar ordninga, betyr ho lite for korleis kommunestyret og fylkestinget faktisk blir sett saman, viser ei undersøking gjort ved Rokkansenteret på oppdrag frå kommunal- og regionaldepartementet.

- Det er i stor grad partia, som nominerer flest menn lengst oppe på listene, som må bere mykje av ansvaret for at mellom anna kvinner, unge, eldre og innvandrarar er underrepresenterte i kommunestyra. No må det bli slutt på fine ord om mangfald. Partia må ta det ansvaret dei har for å få engasjerte folk frå underrepresenterte samfunnsgrupper høgare opp på vallistene. Det er jo først då dei har gode sjansar til å kome inn i kommunestyra, seier Magnhild Meltveit Kleppa.

- Korleis kommunestyret er sett saman, betyr noko for kva prioriteringar som blir gjort i kommunen og kva grupper som blir mest tilgodesett. Eg trur dei politiske vedtaka blir betre når dei folkevalde avspeglar lokalsamfunnet. Meir representative kommunestyre vil truleg også vere positivt for legitimiteten til og oppslutninga om lokaldemokratiet, seier statsråden.

Enkelte, men relativt få representantar, kjem inn i kommunestyret trass i usikker plass og då på grunn av brei støtte og stort engasjement blant veljarane, viser undersøkinga.

Kommunal- og regionaldepartementets pressetelefon: 22 24 25 00.

Til toppen