Forsida

Historisk arkiv

Noreg inviterer OSSE til å observere e-val

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Kommunal- og regionaldepartementet har invitert OSSE til å observere forsøk med elektronisk røysting ved kommunestyre- og fylkestingsvalet til hausten. Då får veljarane i 10 kommunar tilbod om å røyste via Internett.

Kommunal- og regionaldepartementet har invitert OSSE til å observere forsøk med elektronisk røysting ved kommunestyre- og fylkestingsvalet til hausten. Då får veljarane i 10 kommunar tilbod om å røyste via Internett.

- Vi er opptekne av at forsøket skjer i samsvar med internasjonale standardar og forpliktingar. Eg håpar difor at OSSE har høve til å følgje både førebuingane og gjennomføringa av forsøket med elektronisk røysting. Det er særs viktig at tilliten til val vert oppretthalden også når ein røystar via Internett, seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Det å leggje til rette for at veljarane kan røyste over Internett gjev nye og heilt andre utfordringar når det gjeld framgangsmåte og metode for valobservasjon. Mulegheita til å oververe e-val er sjølvsagt annleis enn ved tradisjonell røysting. Ved observasjon av e-val, er det viktig at det blir fokusert på mellom anna samanhengen mellom teknologi og kravet til hemmelig røysting.

- Vi veit at OSSE  er i gang med å lage ei handbok for observasjon av elektronisk røysting. Vi håpar forsøket i Noreg kan bidra til å gje nyttig erfaring, seier Navarsete.

Departementet har heimel i vallova til å akkreditere nasjonale og internasjonale valobservatørar for å observere gjennomføringa av val her i landet. Norske kommunar pliktar å ta i mot akkrediterte observatørar og å leggje til rette for valobservasjon. Noreg er gjennom ulike internasjonale konvensjonar og dokument plikta både til å invitere og å ta i mot nasjonale og internasjonale valobservatørar.

OSSE gjennomførte ein avgrensa valobservasjon i Noreg ved stortingsvalet i 2009. Deira rapport er tilgjengeleg på norsk og engelsk (pdf-format)

OSSE er Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa, og ODIHR er den avdelinga i organisasjonen som har ansvar for valobservasjon.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.