Historisk arkiv

Frank Arne Leiros (24) er kåra til Noregs beste tømrar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Frank Arne Leiros har utmerka seg som ein kvalitetsmedviten tømrar, som inspirerar lærlingar og andre kollegaer gjennom si interesse for tømrarfaget, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Frank Arne Leiros har utmerka seg som ein kvalitetsmedviten tømrar, som inspirerar lærlingar og andre kollegaer gjennom si interesse for tømrarfaget, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Av til saman 235 kandidatar, har juryen samrøystes kåra Frank Arne Leiros frå Arendal til vinnar av Den gylne spikerpistol – prisen for godt handverk. Dei meiner han står i ein særklasse når det gjeld å inspirere andre – både fagleg og sosialt.

Statsråden reiser i dag til Arendal for å overrekkje prisen – ein forgylt spikerpistol, diplom og eit stipend på 30.000 kronar.

Leiros har jobba hjå Byggmeister Asle Thorsen sidan han gjekk i tiande klasse. Han har tatt sveinebrev i tømrarfaget, og er no i gang med meisterbrevet. Thorsen omtalar Leiros som nyfiken og svært interessert i faget sitt. I nominasjonen står det i tillegg at han er ein stor motivasjonsfaktor og eit førebilde for andre medarbeidarar.

I tillegg til vinnaren, får dei to kandidatane Steven Choat frå Stavanger og Jørn Håkon Helgerud frå Drammen heiderleg omtale, diplom og eit stipend på 10.000 kronar.

 

Det ligg fleire bilder på departementet sine Flickr-sider.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.

Den gylne spikerpistol