Historisk arkiv

Utset krav om uavhengig kontroll av byggjeprosjekt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Reglane om at byggjeprosjekt må sjekkast av ein uavhengig kontrollør blir likevel ikkje sett i verk 1. juli 2012.

Reglane om at byggjeprosjekt må sjekkast av ein uavhengig kontrollør blir likevel ikkje sett i verk 1. juli 2012.

- Diverre er det framleis ikkje nok føretak til å gjere kontrolljobben på ein god og effektiv måte over heile landet. Eg vil ikkje risikere at byggjeprosjekt stoppar opp. Difor blir ordninga med uavhengig kontroll ikkje sett i verk frå 1. juli. Det seier statsråd Liv Signe Navarsete.

Det siste året har departementet tilpassa reglane for å gjere det enklare for både kommunane og føretaka.

- Eg er uroleg for at tilpassingane har kome i seinaste laget for føretak som ønskjer å gå inn i kontrollverksemd 1. juli. Eg har også merka ei viss uro i delar av næringa. Ingen er tent med at vi set i verk ei så viktig ordning dersom den ikkje er tilstrekkeleg moden, seier Navarsete.
 
Statsråden vil ha meir tid og dialog med næringa for å få på plass gode og føreseielege rammer for den uavhengige kontrollen.

- Eg er open for å sjå nærare på ytterlegare tilpassingar og forenklingar. Eg vonar at me kan setje i verk ei trygg ordning for heile landet ved årsskiftet, seier Navarsete. 

Fram til ordninga blir sett i verk, gjeld dei eksisterande reglane. Det inneber mellom anna at kommunane kan påleggje uavhengig kontroll og sjølv føre tilsyn med byggjeprosjekt.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.