Historisk arkiv

Kven blir årets nynorskkommune 2013?

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

- Meld på din heimkommune i konkurransen om å bli årets nynorskkommune 2013, oppmodar kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Meld på din heimkommune i konkurransen om å bli årets nynorskkommune 2013, oppmodar kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

For femte året på rad skal statsråden dele ut prisen på 100 000 kroner til årets nynorskkommune. Ho vonar mange nynorskkommunar vil vere med i konkurransen.

- Me ynskjer forslag på kommunar som har eit medvite forhold til nynorsk, arbeider for å styrkje kvaliteten i språket og som sjølve er aktive brukarar av nynorsk i tenestene sine bør søkje. Eg veit det blir gjort mykje godt nynorskarbeid ute i kommunane, så her burde det vere mange aktuelle kommunar som kan søkje, seier Navarsete.

Prisen skal gå til ein kommune eller fylkeskommune med nynorsk som målform. Kriteria for prisen er utarbeidd i samarbeid med Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Tidlegare vinnarar av prisen er Stord kommune (2009), Seljord kommune (2010), Fjell kommune (2011) og Sogn og Fjordane fylkeskommune (2012).

- Alle nynorskkommunar og –fylkeskommunar er velkomne til å søkje, òg dei som har søkt tidlegare år, seier statsråden.

Kriteria for prisen er innsats på minst eitt av områda som er nemnde nedanfor:

  • aktiv bruk og synleggjering av nynorsk i kommunale planar
  • aktiv bruk av nynorsk i omdøme- og informasjonsarbeid. Det kan vere heimesider, skriftleg informasjonsmateriell til innbyggjarane, opplegg for generell marknadsføring av kommunen, til dømes gjennom kurs og anna opplæring i nynorsk eller eigne retningsliner for nynorskbruk i kommunen
  • god målbruk blant tilsette
  • marknadsføring av nynorsk i kulturarbeid og kulturarrangement
  • tidleg nynorskinnsats i barnehagar og barneskule

Søknadsfristen er 31. august 2013. Prisen blir delt ut i slutten av september.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00