Historisk arkiv

Ørsta er årets nynorskkommune 2013

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

– Eg vil gratulere Ørsta med prisen som årets nynorskkommune 2013, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Ørsta får prisen for ei brei satsing for å fremje bruken av nynorsk.

– Kva passar vel betre enn at heimkommunen til Ivar Aasen får ein slik pris i det året der vi markerer at det er 200 år sidan målpioneren blei fødd, seier kommunal- og regionalminister Navarsete.

 – Kommunen gjer eit systematisk arbeid for å styrkje nynorskbruken på ulike samfunnsområde, mellom anna gjennom eit aktivt samarbeid med media og næringslivet. Ørsta satsar både på opplæring av dei tilsette og oppfølging i det daglege arbeidet, heiter det mellom anna i grunngjevinga frå juryen.

– Eg håpar nynorskprisen kan bidra til å utvikle nynorsk som eit godt språk i offentleg forvaltning. Stadig fleire kommunar arbeider no med å gjere språket dei nyttar klarare. I det arbeidet er det viktig å hugse at god nynorsk også er klart språk, seier Navarsete. 

Prisen er på 100.000 kroner og eit bilete av grafikaren Terje Risberg.
Tidlegare vinnarkommunar er Stord, Seljord , Fjell og Sogn og Fjordane.

I juryen for nynorskprisen sitt:
Vidar Høviskeland, Landssamanslutninga for nynorskkommunar.
Nina Teigland, Språkrådet.
Gunn Berit Gjerde, fylkesvaraordførar (V) i Møre og Romsdal.
Rune Hetland, Landslaget for lokalaviser
Christine Hjortland, Kommunal- og regionaldepartementet

Juryen si grunngjeving:

«Ørsta er den av søkjarkommunane som viser størst breidde i sine satsingar og tiltak for å fremje bruken av nynorsk. Kommunen nyttar satsinga på nynorsk som grunnlag for sitt arbeid med omdøme og identitet. Kommunen gjer eit systematisk arbeid for å styrkje nynorskbruken på ulike samfunnsområde, mellom anna gjennom eit aktivt samarbeid med media og næringslivet om bruk av nynorsk. Ørsta satsar både på opplæring av dei tilsette og etterfølgjande oppfølging i det daglege arbeidet, og kommunen nyttar aktivt sin målbruksplanen som basis for dei ulike tiltaka. Juryen har og merka seg at Ørsta kommune viser eit ekte engasjement i høve til mållova ved å seie tydeleg frå til dei offentlege instansane som bryt lova i sin korrespondanse med kommunen.

Juryen vil dessutan særleg framheve Radøy kommune sin søknad og innsats for å vedlikehalde og styrke bruken av nynorsk – både internt i kommunen og i lokalsamfunnet. Radøy har mange tilflyttarar med bokmål som språkform, og nynorsken er dermed utsett for eit stort press i kommunen. Juryen har merka seg at Radøy kommune set bruk av ”striledialekten” inn  som eit satsingsområde i sitt omdømearbeid. Radøy satsar på språkrettleiing av dei kommunalt tilsette i etterkant av internkursing i nynorsk. Radøy har også eit medvite forhold til samarbeid med ymse lag og organisasjonar for å løfte fram nynorsken. Radøy kommune fortener ros for dette arbeidet.»