Historisk arkiv

Stortingsvalet 2013

Riksvalstyret er oppnemnd

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Riksvalstyret for stortingsvalet 2013 blei oppnemnd i statsråd 19. april 2013.

Riksvalstyret for stortingsvalet 2013 blei oppnemnd i statsråd 19. april 2013.

I riksvalstyret sit eit medlem frå kvart av ei dei politiske partia som er representerte på Stortinget. For kvart medlem er det også oppnemnd eit varamedlem. Riksvalstyret har fått følgjande samansetjing:

Medlemmer:

  1. Signe Øye, Hobøl (Arbeiderpartiet) – leiar 
  2. Finn Egil Holm, Sande (Fremskrittspartiet) – nestleiar
  3. Åse Gunnhild Woie Duesund, Grimstad (Kristelig Folkeparti)
  4. Martin Engeset, Sarpsborg (Høyre)
  5. Harald Hove, Bergen (Venstre)
  6. Ivar Johansen, Oslo (Sosialistisk Venstreparti)
  7. Jorunn Ringstad, Askvoll (Senterpartiet)

Varamedlemmer:

  1. Asmund Kristoffersen, Tingvoll (for Øye)
  2. Øistein Lid, Nittedal (for Holm)
  3. Jan Martin Sahl, Vestvågøy (for Duesund)
  4. Ildri Eidem Løvaas, Oppegård (for Engeset)
  5. Borghild Tenden, Bærum (for Hove)
  6. Edle Daasvand, Oslo (for Johansen)
  7. Morten Lund, Oslo (for Ringstad)

Riksvalstyret skal i følgje vallova:

  • Gje uttale til Stortinget om klagesaker som gjeld røysterett og høvet til å røyste.
  • Avgjere andre klagesaker om førebuinga og gjennomføringa av stortingsvalet.
  • Fordele utjamningsmandata til Stortinget og underrette Stortinget og fylkesvalstyra om valoppgjeret.
  • Skrive ut fullmakter til alle representantar og vararepresentantar til Stortinget.
  • Bokføre valoppgjeret og resultatet av dette.

Kommunal- og regionaldepartementet ved Kommunalavdelinga er oppnemnd som sekretariat for riksvalstyret.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.