Historisk arkiv

Spekulativt forfall og ny plan- og bygningslov

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Aftenposten 15.05.2009.

Aftenposten sin kommentator Lotte Sandberg har eit innlegg i avisa 7.mai, som eg synest eg må kommentera.

Det er riktig at plan- og bygningslova ikkje går særleg langt i å kunna gje pålegg om utbetring av bygg som forfell. Det er og riktig at eit mindretalet i Stortinget (H, KrF og V) gjorde framlegg om ein lovheimel for kommunane. Den skulle gjera det mogleg å pålegga utbetring av verneverdige bygg.

Plan- og bygningslova er ikkje ei lov om eigedomsforvaltning. Dersom lova vert utvida til å gjelda krav om vedlikehald og utbetring, trengst det eit grundig førearbeid. Dei kommunale styresmaktene har oftast verken kompetanse eller kapasitet til å forvalta eit slikt regelverk. Normalt er særlovsstyresmaktene som har heimlar og rådvelde til å kunna gje pålegg.
 
Eg ser gjerne at pålegg om utbetring skjer innanfor kulturminnelova. Kulturminnestyresmaktene er etter mi meining dei næraste til å forvalta eit slikt regelverk.

Framlegget frå mindretalet var dessutan ikkje særleg utgreidd. For kommunalt pålegg om utbetring, må ein gjera ulike vurderingar. Mellom anna kva slag type bygg det skal gjelda, kva for (låge) nivå ein skal gripa inn ved og kor mykje ein skal utbetra. For det siste spelar det inn kva som var tekniske og arkitektoniske krav då bygget var nytt og kva som gjeld i dag. Ein må også vurdera om pålegget skal gjelda heile eller delar av bygget.

Framlegget inneheldt heller ikkje vurderingar av økonomiske konsekvensar. Slike pålegg kan få store konsekvensar for personar som arvar hus. Verknadene kan difor verta større enn berre å hindra spekulativt forfall i einskilde høve. Mange hus som forfell er dessutan i kommunalt eige. Det kan vera vanskeleg for kommunane å gje pålegg til seg sjølve.

Utan slike vurderingar, kunne vi fått ein svært skjønnsmessig regel. Han kunne gjort meir skade enn gagn. Kulturminnestyresmaktene må utgreia spørsmåla før det vert laga reglar om pålegg. Det var difor naturleg å utforma lovregelen som ein heimel til å laga forskrift om pålegg, slik fleirtalet gjekk inn for, og som vart den endelege beslutninga i Stortinget. Eg har teke initiativ overfor miljøvernministeren til eit samarbeid med kulturminnestyresmaktene.