Historisk arkiv

- Eg voner mange blir inspirerte

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei halde då statsråden vitja eit passivhus under byggjing i Bodø 20.01.2010.

Eg synes det er bra at bransjen tilbyr passivhus til ”folk flest”. Det er framtidsretta, miljøvennleg og trendsettande at privatpersonar no har starta å byggje bustadane sine som passivhus. 

Det er særs positivt at det finst både privatpersonar, tiltakshavarar og byggjefirma som vil satse på å være i forkant av utviklinga.

Innan 2020 er målet at alle nye hus skal byggast på denne måten – som passivhus. Det inneberer at dei vil bruke ca. 75 prosent mindre energi til oppvarming enn en det som er vanleg i dag. Mange hus vil også kunne vere ”pluss-energihus” ved at dei produserer energi

I august i fjor blei dei skjerpa krava frå revisjonen av energikrava i teknisk forskrift (TEK) obligatoriske. Dette er eit lite steg på vegen mot passivhus som forskriftsnivå. I haust var ytterligare justeringar av teknisk forskrift på høyring. Energikrava vil bli reviderte langt oftare i tida framover enn det som har vært vanleg til no.

Vi kommer til å stramme inn krava til energibruk i bygg framover. Første gong er allereie frå juli neste år. Deretter må ein vere førebudd på innskjerpingar langt oftare enn det som har vært vanleg fram til no og minimum kvart femte år. Næringa og kommunane kan førebu seg på ytterligare ein revidering av energikrava innan 2012.

Eg har ambisjonar om at energibruken i bygg skal halverast innan 30 år. Det er i tråd med kva lågenergiutvalet meiner er muleg. I dag bruker norske bygg 80 tWh i året. Innan 2040 bør vi vere nede på 40 tWh. Allereie innan 2020 skal passivhus vere standard for nye bygg. Energibruk i bygg er heilt sentralt når vi snakkar om energieffektivisering.
 
Byggjesektoren er den sektoren som har hatt størst vekst i energibruken dei siste 30 åra. Han står for omlag 40 prosent av stasjonær energibruk i Noreg. Trenden må vendast for å nå klimamåla! Energieffektivisering var eit viktig tema i København – og vil bli det i Mexico.

Før jol oppnemnde eg ei arbeidsgruppe som skal gje innspel til ein handlingsplan for energieffektive bygg. Gruppa skal mellom anna foreslå ein tidsplan for opptrapping av energikrava for nye bygg slik at passivhusstandard blir ein realitet i forskrifta innan 2020. Gruppa skal kome med si innstilling innan 1. juli 2010.

Krava til utføring for eit prosjekt som dette er, og må vere, strenge. Difor treng vi flinke fagfolk i alle handverksfag som må lærast korleis dette skal gjerast i praksis. Dei fagfolka som har røynsle frå slik bygging vil truleg bli meir ettertrakta i marknaden.

Eg vonar at mange, både tiltakshavarar, fagfolk og privatpersonar blir inspirerte av dette, og at etterspurnaden etter gode, klimavennlege bustader blir høg. Det vil også hjelpe oss som skal utvikle reglar som etter kvart vil stille høgare krav til energieffektivisering i bygg.

Statsråd Liv Signe Navarsete isolerer hus i Bodø. Foto: Stein Morgen