Historisk arkiv

Forståelege gebyr

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegget blei sendt til Aftenposten 27.01.2010.

Aftenposten hevdar på leiarplass sist veke at det er uforståeleg at byggesaksgebyra er så mykje større i nokre kommunar enn andre. Det er det ikkje. Kommunane står fritt til å ta gebyr. Kostnadene vil variere, innanfor ramme av sjølvkostprinsippet.

Leiarskribenten trekk fram Oppegård. Her er det truleg større press på byggesakhandsaminga enn i kommunar utanfor pressområda. Då er det naturleg at kostnadene også er større.

Desse kostnadene skal kommunane sjølvsagt kunne gjere godt greie for. Kostnadene skal heller ikkje overstige sjølvkost. Det er no presisert i den nye plan- og bygningslova.

Dei kommunane som ynskjer det kan altså velje ikkje å la søkjaren ta kostnadene ved byggesaken. Forklaringa kan vere at dei vil gjere det meir attraktivt å slå seg ned akkurat her. Men ei slik subsidiering må ikkje føre til at andre sakstypar vert urimeleg dyre.

Eg er samd med Aftenposten i at det er uakseptabelt at Forbrukarrådet har avdekt at nokre kommunar ilegg gebyr på klagesaker. Lova gir ikkje høve til det. Praksisen må difor halde opp umiddelbart.

Vi kan også vere samd i at ein del kommunar må skjerpe seg. Det gjeld dei som ikkje handterer kontakten med eigne innbyggjarar godt nok. Innbyggjarane skal forvente at kommunen gjev raske, profesjonelle og forståelege svar.

Kommunane forvaltar eit komplisert regelverk. Dei tek avgjerder som grip inn kvardagen til mange menneske. Det forpliktar.