Historisk arkiv

Gode lokalpolitikarar!

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Innlegg til ein ordførarkonferanse 04.05.2010

- For ein kommunal- og regionalminister er det få hendingar som kan måle seg med å møte ei forsamling som dette.

Takk for innbydinga. For ein kommunal- og regionalminister er det få hendingar som kan måle seg med å møte ei forsamling som dette. Den politiske kvardagen inneheld, som de veit, litt av kvart. Me som er statsrådar, politiske leiarar og ombod for veljarane, skal vere budd for mykje.

Kor godt er det ikkje då å kome til ei forsamling der eg kan:
1. Skryte av tilhøyrarane og sektoren dei representerer
2. Snakke om politisk leiarskap for nokre av dei viktigaste politiske leiarane i Noreg

La meg starte med første punkt. Kommunesektoren leverer gode tenester til innbyggjarane i deira lokalsamfunn, og innbyggjarane er nøgde. Det fekk me stadfesta i den ferske lokaldemokratiundersøkinga. Faktisk var innbyggjarane meir fornøgde enn politikarane. Det er eit godt teikn, og betyr at politikarane har sett seg nye mål. Dei vil vidare.

Regjeringa er svært nøgd med den jobben de som politikarar gjer og den innsatsen dei kommunale leiarane legg for dagen.

Eg vil også gje honnør til alle dei tilsette. Dei arbeider i eit krevjande krysspress, og gjer kvar dag sitt for å gje gode tenester til innbyggjarane.
 
Dei er avgjerande for at innbyggjarane skal vere godt nøgde med tenester og tilhøve.

De som ordførarar har valt til å stå heilt fremst i det kommunale arbeidet. Det er inga lita utfordring. De skal leve med ulike interesser, aukande krav og rammer som ikkje alltid vil ha plass til alle gode føremål.

Det krev politisk leiarskap å fylle ordførarrolla. Vilje til å lytte til borgarane, men også evne til å peike ut kursen framover, og få folk med seg. Og samstundes handtere staten, og dei høge ambisjonane den har på dykkar vegne. Eg forstår at de av og til meiner at strikken er tøygd for langt.

Mai er ei god tid å reflektere over kva godt politisk leiarskap er. I maidagane for 65 år sidan fekk me demonstrert kor viktig det er med samhald over politiske skiljeliner. Fellesprogrammet var det handfaste uttrykket. Meir enn 100 år tidlegare, i maidagane i 1814, blei det også utvist stort politisk leiarskap då grunnlova blei skriven.

Me som er politiske leiarar i dag kan vanskeleg sjå oss sjølve som politiske aktørar med krav på same plass i historia som desse karane – det var få kvinner – i 1814 og 1945.

Ikkje desto mindre, det blir historie av kvardagspolitikk også. Eg trur det me gjer i dei neste åra blir eit kapittel i soga om det moderne Noreg, om korleis me forvaltar den historiske rikdommen og dei store mulegheitene me har.

Vil me ta samfunnsutviklinga inn på eit nytt, meir miljøvennleg og inkluderande spor? Eller trur me at velferdsgode og materiell rikdom, er eit tre som vil vakse rakt inn i himmelen?

Her kan me og må me vise leiarskap.

Kommunar og fylkeskommunar har gjennom fleire tiår organisert seg godt, teke ansvar for nye oppgåver og bidrege til samfunnsutviklinga. Kommunane – og de som er leiarar der - kan bidra til at me også framleis forvaltar velferda vår klokt.

I tillegg er kommunane berarar av ein stolt tradisjon for lokalt folkestyre – eit lokaldemokrati som innbyggjarane dykkar er opptekne av!

I undersøkingar svarer meir enn halvparten av innbyggjarane at lokaldemokratiet er viktigare enn tenestetilbodet. Det fortel meg - og dykk - at rolla som representant for alle innbyggjarar framleis er viktig i ei tid der mykje av det offentlege ordskifte er knytt til kommunale tenester og velferdsgoder.

Kvar er det så eg meiner det er nødvendig med godt leiarskap og tydeleg retning? Tida er kort, la meg difor nemne nokre av dei viktigaste områda:

Tydelege lokal prioriteringar
Dette er eit kjenslevart tema. Ein god ordførar vil aldri unnlate å seie kor vanskeleg det er å leve opp til dei forventningane som rikspolitikarane skapar. Det er ei spenning me må leve med. Dykkar utfordring er å finne rom for lokale prioriteringar.

Lokalt sjølvstyre inneber tøffe lokale diskusjonar om kva kommunar og fylkeskommunar skal bruke ressursane på. Debatten blir ikkje enklare i åra som kjem. Presset vil auke på helse og omsorgstenester frå ein folkesetnad som blir eldre.

Skulen blir stilt overfor nye krav.

Barnevernet krev ressursar, merksemd og god styring.

Nav-reforma og samhandlingsreforma krev at kommunane tek ansvar og speler på lag med statlege aktørar.

Klima- og miljøkrav blir stadig viktigare.

Det er ikkje muleg å gjere alle til lags. Men då må de makte å forklare samanhengen i politikken, kvifor de tek dei vala de tek.

Ombod for alle
Mange grupper har sterke stemmer og mange ressursar. Då er det viktig å vere ombod for alle. Me veit kva småbarnsforeldre, eldre nærings- og eigedomsinteresser, idrett og kultur meiner. Men kva med grupper innanfor sosialsektoren, rus, psykiatri og barnevern? Dei kan ikkje like lett fremje eigne saker. Dei treng politikarar som ser dei.

Bustadområdet er eit godt eksempel der kommunane kan gjere ein viktig innsats, saman med Husbanken, med å gje fleire menneske ei betre ramme rundt livet.

I lokaldemokratiundersøkinga kjem det eit klårt signal om at mange innbyggjarar meiner særinteressene har for mykje makt, og at politikarane ikkje godt nok grunngjev avgjerdene. Halvparten av innbyggjarane meiner også at dei ikkje har god nok mulegheit til å påverke avgjerdene.

Korleis kan me leggje betre til rette for lokal påverknad frå innbyggjarane? Det handlar om informasjon, men også om kommunikasjon, møteplassar og kanalar for deltaking.

Rolla som arbeidsgjevar
Politikarar er OGSÅ arbeidsgjevarar. Det er ei krevjande rolle når ho skal kombinerast med rolla som vidsynt tenkjar og nitidig ”ombod for tenestetilbodet”.

De styrer verksemder av ulike storleik, nokre er og er ansvarlige for at dei tilsette får eit godt arbeidsmiljø og gode vilkår.

Sjukefråvere er eit eksempel på dette ansvaret. Her er forskjellene mellom kommunane stor. Erfaringane frå Kvalitetskommuneprogrammet viser at leiarskap på alle nivå i kommunen er viktig for resultata.
Kommunar som prioriterar sjukefråversarbeidet og forankrar arbeidet i toppleiinga – også den politiske leiinga - oppnår gode resultat. Dei resultata kan me bryte ned i sparte kostnadar. Med eit prosentpoengs reduksjon i sjukefråveret sparar kommunane 1, 25 milliardar kroner.

Men aller viktigast, me får eit betre arbeidsmiljø for dei viktige medarbeidarane. Det vil også brukarar og innbyggjarar merke. Eg vonar me får fleire kommunar som set dette arbeidet høgt på dagsorden.

Miljø og klima
Om nokre få månader skal alle kommunar ha på plass første generasjon klima- og energiplanar. Anten i kommuneplanen sin eller som eigen kommunedelplan. Skal Norge lukkast med å redusere utsleppa av klimagassar, må kommunane gjere ein stor del av jobben. Det må de gjere ved å redusere energibruken i bygg. Her er det mykje å spare, både energi og kommunale kroner.

De må stille krav når kommunen gjer innkjøp, og de må planleggje for eit grønare lokalsamfunn, der fjernvarme, lågenergihus, biodrivstoff og ladestasjonar for elbilar er naturlege innslag.

Eigenkontroll
Kommunane forvaltar store pengar, både i form av direkte overføringar og som eigarar av bygg og anlegg. Det stiller krav til godt etisk regelverk, rolleforståing og medvetne medarbeidarar.

Difor må me satse meir på eigenkontroll og praktisk tilsyn. Bygg opp eigne kontrollsystem og  sørg for at politikarane kjenner desse godt, slik at dei kan vere trygge på at kommunen etterlever lov, føresegner og kvalitetskrav.  Ved å syne at ein har orden i eige hus, kan kommunesektoren skape motvekt mot press på sterk statlig styring.

Aftenposten har dei siste månadene hatt ein rekke reportasjar om korleis kommunane forvaltar eigedommar. Eg skal ikkje ta stilling til einskildsaker, men eg vil gje dykk eit godt råd. Det fins klåre og gode retningsliner frå ESA, overvakingsorganet for EØS-avtalen, om uavhengig takst og offentleg utlysing.

Regjeringa har pr i dag ingen planar om å kome med pålegg til kommunane å fylgje desse retningslinene. Skal me unngå å kome i den situasjonen, kan det vere fornuftig å ta desse retningslinene på alvor. Eg veit at KS arbeider med informasjon om dette – det er bra.

Mange av dykk meiner staten er for oppteken av rapportering, tilsyn og kontroll. Det kan eg forstå. Ein fersk rapport frå Difi syner at fleire lover, forskrifter, rettleiarar og rapporteringsskjema innsnevrar kommunane sitt handlingsrom.
 
Det er ei utvikling eg ikkje er glad for. Eg ønskjer mindre statleg styring, og eg vil ha ei prinsipiell drøfting av bruken av statlege styringsvirkemidlar og rettigheitstenkning. Regjeringa vil neste vår difor legge fram ei stortingsmelding om dette. Eg håpar på ein god dialog med og gode innspel frå kommunesektoren i dette arbeidet.

Fleire reglar om rettigheitar har kome den siste ti-årsperioden. Rettigheiter er meint å prioritere visse grupper og sikre likskap for desse på tvers av kommunegrenser. Isolert sett er det bra.

Men det er ein tankekross at når mange grupper får konkrete rettskrav mot kommunen, vil dette binde lokale ressursar, auke byråkratiet og redusere det lokale handlingsrommet.

KS har allereie kome med eit namneforslag. – Slipp kommunane laus. Eg trur eg vil ha fleire forslag å velje mellom, men eg ser poenget til KS. Kommunane må få større fridom. Me må tillete oss å diskutere dete på ein god måte. me skal sikre likeverdig tenester. Men kommunane har ulike utfordringar. Alt treng ikkje vere likt.

Lokal samfunnsutvikling
Styrken i det norske samfunnet ligg i at me bruker heile landet. Slik får me det beste ut av ressursane i naturen og menneska . Skal me framleis ha det slik, må lokalsamfunna vere attraktive. Dei etter kvart mange velutdanna må ha lyst til å bu der.

Kommunal- og regionaldepartementet set difor i år i gang eit eiga program for lokal samfunnsutvikling i kommunane. Fylkeskommunane får ei viktig rolle, som medspelar og rådgjevar, i arbeidet med å gjere kommunane betre til å planleggje og gjennomføre utviklingsprosjekt.

Mange kommunar har også ein viktig jobb for å sikre at dei er attraktive som arbeidsplass for alle dei godt utdanna som kunne tenkje seg eit arbeid utanfor dei største pressområda og mest attraktive arbeidsmarknadene.

Regjeringa har sett ned eit eige utval som skal sjå på korleis me skal få til eit betre fordeling av kompetansearbeidsplassar i landet.

Gjer me ikkje noko, vil veksten i arbeidsplassane framover kome i byregionar med store arbeidsmarknader og utdanningsinstitusjonar, særleg i Osloregionen. Samstundes veit me at mange har lyst til å etablere seg utanfor pressområda, dersom dei finn interessant arbeid.

Det er mellom anna handteringa av slike utviklingstrekk det noko opphissa ordskiftet om motmakt og regional eigentleg handlar om.

La meg, når eg no har merksemda dykkar, seie eit par ord om tiltakspakka og korleis ho er følgd opp. Kommunane og fylkeskommunane har brukt pengane frå regjeringa si tiltakspakke godt. Rapportar syner at tiltakspakka mellom anna har gitt betre skular, sjukeheimar og vegar. Kommunane fekk ei viktig rolle då regjeringa la fram ei tiltakspakke for å stimulere sysselsettinga i norsk økonomi i januar i fjor.

Største delen var eit tilskot på fire milliardar kroner til vedlikehald og oppgradering av kommunale bygg, vegar og anlegg. Rapporteringa syner at kommunesektoren har gjort jobben regjeringa bad dykk om å gjere.

Om ei veke kjem kommuneproposisjonen med opplegget for kommuneøkonomien i 2011. Det er ingen tvil om at det er krevjande å handtere ein stor nasjonalformue, høge forventningar og demografiske utfordringar.

Eg kan ikkje røpe noko om tal og gje konkrete lovnader. Men eg kan varsle at det kjem endringar i inntektssystemet. Me legg fram nye kostnadsnøklar for kommunane basert på grundige faglige analyser. Det er 20 år sidan førre gjennomgang. Endeleg kastar me ut Rattsø, mens Borge kjem inn. Det er viktig at kostnadsnøklane er objektive. Så kan me gjere politiske justeringar, men det skal altså ligge faglege vurderingar i botn.

Som varsla så innlemmar me og barnehagetilskotet i ramma. Samla ville desse endringane kunne gje store omfordelingsverknader.

Det gjer at me og har hatt behov for å sjå på og justere dei politiske elementa i inntektssystemet. Det gjeld både dei ulike typane regionalpolitiske ekstratilskot og det gjeld skatt.
Dette har vore vanskelege avvegingar.

Det samla resultatet me legg fram tysdag 11. mai. Eg meiner det gjev ein god balanse mellom ulike omsyn. Eg vil tru at dei som ikkje blir nøgde med verknadene for sin eigen kommune, vil vere jamt fordelte mellom ulike kommunar og ulike delar av landet!  

Eg ser at det er mange, og treffande, sitat av Henrik Ibsen i programmet. Sidan me i år markerer at det er 100 år sidan diktarhøvdingen Bjørnstjerne Bjørnson gjekk bort, kan det vere på plass med eit sitat frå han.

”Fred er ei det beste, men at man noget vil.”

Eg vil tru det er eit sitat som me som politiske leiarar må setje pris på.  Me må ville noko, tørre å ta diskusjonane og stå i stormane.  Det er det som bringer samfunnet framover.

Takk for merksemda!


Innlegget blei halde på ein ordførarkonferanse 04.05.2010.