Historisk arkiv

Jordbruk: Kamp mot attgroing

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Jordbruk: Utmarka er ein viktig ressurs for beitenæring og reiseliv. Med grunnlag i NIJOS si kartlegging av vegetasjonen, tar kommunane Tolga og Os no opp kampen mot attgroing.

Jordbruk: Kamp mot attgroing

Jordbruk: Utmarka er ein viktig ressurs for beitenæring og reiseliv. Med grunnlag i NIJOS si kartlegging av vegetasjonen, tar kommunane Tolga og Os no opp kampen mot attgroing.

Aktiv bruk
Utmarka har til alle tider vore ein svært viktig del av ressursgrunnlaget for jordbruket i Nord-Østerdalen. Framleis blir utmarka bruka aktivt gjennom beiting og seterdrift. Men haustinga er no så mykje redusert, at attgroing er eit trugsmål mot både beitekvalitet, biologisk mangfald og opplevingsverdiar i landskapet.

 

Jordbruk, Sau på beite i Os, Foto: Yngve Rekdal, Nijos
Jordbruk: Sau på beite i Gråhøgda i Os. Foto: Yngve Rekdal, Nijos

Ressurskartlegging
Med grunnlag i ressurskartlegging vil Tolga og Os stimulere til tiltak som kan motverke denne utviklinga. NIJOS har gjennom fleire etappar vore engasjert til vegetasjonskartlegging. 30 prosent av kommunearealet i Tolga og 20 prosent i Os er kartlagt til no.

Norsk institutt for jord- og skogkartlegging (NIJOS) framskaffer informasjon om jorda, skogen, utmarka og landskapet i Norge til bruk i offentleg forvaltning og næringsutvikling. Instituttet er eit nasjonalt fagorgan under Landbruks- og matdepartementet.

Jordbruk: Med grunnlag i NIJOS si kartlegging av vegetasjonen, tar kommunane Tolga og Os no opp kampen mot attgroing i utmarka.