Historisk arkiv

Eriksen i Vest-Agder

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Fleire bedrifter i Vest-Agder fekk besøk av nærings- og handelsministeren i helga. Det vart blant anna snakka om mangfold, regionalt reiseliv og transportmessige utfordringar for det lokale næringslivet.

Eriksen i Vest-Agder

Fleire bedrifter i Vest-Agder fekk besøk av nærings- og handelsministeren i helga. Odd Eriksen var innom Flekkefjord, Kvinesdal og Kristiansand, og det vart blant anna snakka om mangfold, regionalt reiseliv og transportmessige utfordringar for det lokale næringslivet.

Eriksen besøkte Reklamebyrået Idé i Flekkefjord og Falconbridge Nikkelverk i Kristiansand, i tillegg til at han møtte representantar for Kristiansand Dyrepark, Destinasjon Sørlandet, National Oilwell Varco og Vestas Castings Kristiansand.

Statsråden deltok også på årsmøtet i Kvinesdal Arbeiderparti.

Odd Eriksen i kontrollrommet på Falconbridge Nikkelverk i Kristiansand.
Odd Eriksen i kontrollrommet på Falconbridge Nikkelverk i Kristiansand.



7. februar 2006