Historisk arkiv

Minnemarkering etter Scandinavian Star-ulykka

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Fredag 7. april kl. 18 vert det avduka eit minnesmerke etter Scandinavian Star-ulykka. Statssekretær Karin Yrvin representerer regjeringa ved minnemarkeringa.

Minnemarkering etter Scandinavian Star-ulykka

Fredag 7. april kl. 18 vert det avduka eit minnesmerke etter Scandinavian Star-ulykka.

Statssekretær Karin Yrvin representerer regjeringa ved minnemarkeringa. Markeringa skjer ved Akershus festning på dagen 16 år etter ulykka. Arrangementet er ope for pårørande, overlevande, deltakarar i hjelpeapparatet med fleire.

Det er Støttegruppen etter Scandinavian Star som står bak arrangementet.

Meir om arrangementet: www.scandinavianstar.no