Historisk arkiv

Norsk suksess i rommet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Nærings- og handelsdepartementet

Nærings- og handelsministeren deltok tysdag på lanseringa av NERAs nye bærbare terminal for satellittbreiband. Terminalen er så liten og lett at han vil gje NERA eit stort forsprang på konkurrentane.

Norsk suksess i rommet

Nærings- og handelsminister Odd Eriksen deltok tysdag 28. februar på lanseringa av NERAs nye bærbare terminal for satellittbreiband. Terminalen er så liten og lett at han vil gje NERA eit stort forsprang på konkurrentane. Telenor og Norspace er også viktige leverandørar til systemet for satellittbreiband.

–Dette viser at regjeringas satsing på høgteknologiske utviklingsprogram gir resultat, seier nærings- og handelsminister Odd Eriksen. – Den norske suksessen innan telekommunikasjon er eit resultat av ei langsiktig satsing både frå styresmakter og næringsliv.

NERA har lenge vore ein viktig leverandør av bærbare satellitterminalar. Den siste modellen kombinerer lita vekt og stor kapasitet. På eit arrangement ved Norsk Romsenter 28. februar vart terminalen demonstrert, ved å ha direkte breibandkontakt med Sri Lanka. Med terminalen kan du senda lyd, bilete og store mengder data frå alle stader i verda, enten det er på land eller til sjøs.

– Dette er ein imponerande teknikk som viser at norsk industri er i verdsklasse, seier Eriksen.

Terminalen nyttar den såkalla BGAN-tenesta som vert levert av satellittoperatøren INMARSAT. Telenor leverer sjølve abonnementet på denne tenesta. I tillegg har Norspace i Horten levert avansert elektronikk til satellittene som overfører breibandsignala.

Både NERA og Norspace har dei siste åra hatt stor nytte av kontraktar i den europeiske romfartsorganisasjonen ESA. Noreg gjekk i desember 2005 inn med 947 millionar kroner i nye romprogram i ESA. For norsk telekommunikasjonsindustri er det særleg viktig at regjeringa har valt å satsa på ESAs program for satellittkommunikasjon.

Mange norske bedrifter har utvikla seg til å bli blant dei beste på sitt område på grunn av kontraktane som vert gitt gjennom ESA. For kvar krone norske bedrifter får i kontraktar med ESA, får norsk industri kontraktar for 4,40 kroner på den kommersielle marknaden. Norsk romindustri omsette i 2004 for 5,4 milliardar kroner, med ein eksportdel på over 80 %.

6. mars 2006