Historisk arkiv

Ny konvensjon sikrar vilkår til sjøs

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Nærings- og handelsdepartementet

Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO) har vedteke ein konvensjon for sjøfolks arbeids- og levevilkår. Dette er det mest omfattande og heilskaplege internasjonale regelverket som er laga for sjøfolk, reiarar og maritime nasjonar.

Ny konvensjon sikrar vilkår til sjøs

Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO) har vedteke ein samlekonvensjon for sjøfolks arbeids- og levevilkår. Dette er det mest omfattande og heilskaplege internasjonale regelverket som nokon gong laga for sjøfolk, reiarar og maritime nasjonar. ILOs generalsekretær, Juan Somavia, seier at dette er eit historisk vedtak.

ILO har sidan 2001 jobba med å samla nærare 40 gamle konvensjonar til éin. Målet er å hindra at dårlege vilkår skal kunna brukast som eit konkurransefortrinn i internasjonal skipsfart. På verdsbasis finst det 1,2 millionar sjøfolk.

- I dag har me skrive maritim historie, seier Juan Somavia. - På sikt er det ikkje nok med nasjonale løysingar på globale problem.

Noreg har vore sterkt involvert i arbeidet med å få til ein samla konvensjon for sjøfolks arbeids- og levevilkår. Måndag 20. februar heldt statssekretær Karin Yrvin i Nærings- og handelsdepartementet Noregs innlegg på ILO-konferansen i Geneve.

Les meir på nettsidene til Sjøfartsdirektoratet

Les meir på ILOs nettsider