Historisk arkiv

Sertifiseringsordning for reiselivet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Regjeringa vil etablera ei sertifiseringsordning for reiselivsbedrifter som vil marknadsføra seg som ein del av den norske merkevara.

Sertifiseringsordning for reiselivet

Regjeringa vil etablera ei frivillig sertifiseringsordning for reiselivsbedrifter som vil marknadsføra seg som ein del av den norske merkevara. På denne måten får dei reisande moglegheit til å samanlikna ulike leverandørar, til dømes når ein ferietur vert planlagt på Internett. Målet er høgare kvalitet.

- For å sikra ein direkte samanheng mellom det me marknadsfører i utlandet og det dei norske reiselivsnæringane faktisk kan tilby skal me etablera ei ordning med sertifisering, seier nærings- og handelsminister Odd Eriksen.

For å verta sertifisert vil det bli stilt krav til ein viss standard på dei produkta næringa tilbyr. Eriksen seier at dette vert gjort for å sikra ein høgast mogleg kvalitet på reiselivsprodukta.

- I reiselivssamanheng skjer ofte planleggig og bestilling av reisa i god tid på førehand. Sertifisering skal gje kunden eit betre grunnlag for å samanlikna tilbod og å vita at det som vert bestilt er i samsvar med det han ønskjer, seier Eriksen.

Det vert no etablert ei arbeidsgruppe som skal vurdera korleis ordninga skal utformast. I arbeidsgruppa er Nærings- og handelsdepartementet, Innovasjon Norge og Reiselivsbedriftenes Landsforening representert.

- Det er viktig at ei ny sertifiseringsordning ikkje vert oppfatta som ei ekstra byrde for reiselivsbedriftene, seier Eriksen. - Ordninga er meint å vera eit hjelpemiddel, slik at bedriftene kan finna sin plass i den norske merkevara.

I statsbudsjettet for 2006 er det sett av 172,5 millionar kroner til marknadsføring av Noreg i utlandet. Dette er ein betydeleg auke frå i fjor. I februar legg Innovasjon Norge fram ein revidert strategi for merkevarebygging av Noreg, der det vil koma fram kvar Noreg har størst potensial for å henta nye reisande.

Les meir om saka på nrk.no:
http://www.nrk.no/nyheter/okonomi/5397513.html

Hundekjøring i Finnmark
Ei ny sertifiseringsordning skal vera eit kvalitetsstempel for norsk reiselivsnæring.
(Foto: Jørn Tomter/Finnmark Reiseliv)


16. januar 2006