Historisk arkiv

Omstilling til suksess

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Dag Terje Andersen starta tysdag ei ny maskin som lagar kablar hjå ScanRope Subsea Cables i Tønsberg. Bedrifta har på 200 år gått frå å vera ein stor produsent av tauverk til å verta ein verdsleiande produsent av blant anna avanserte sjøkablar.

Omstilling til suksess

Dag Terje Andersen starta tysdag ei ny kabelmaskin hjå ScanRope Subsea Cables i Tønsberg. Bedrifta har på 200 år gått frå å vera ein stor produsent av tauverk til å bli ein leiande produsent på verdsbasis av blant anna avanserte sjøkablar til kraftforsyning og signalføring offshore.

- ScanRope er eit godt eksempel på ei livskraftig bedrift som har vist god omstillingsevne over tid, sa nærings- og handelsminister Dag Terje Andersen i Tønsberg tysdag.

Bedrifta vart etablert som Tønsberg Reperbane i 1796, og vart etter kvart den leiande reperbanen i Norden. Bedrifta produserte i starten tauverk til seglskuter. Bedrifta er i dag ein stor leverandør til olje- og gassindustrien.

- ScanRope er eit godt eksempel på ei bedrift som over tid har vist god evne til omstilling. Bedrifta har sett moglegheitene i nye produkt og næringar, og har heile tida omstilt seg etter behova på marknaden. Me kan seia at bedrita har gått frå hamp til high tech, seier Andersen.

Globaliseringa fører til både utfordringar og moglegheiter for norsk leverandørindustri. Omstillingsevne er difor avgjerande for bedriftenes konkurranseevne og framtidige verdiskaping.

Regjeringas næringspolitikk skal leggja til rette for framtidige arbeidsplassar. Politikken skal stimulera det næringslivet me har i dag og bidra til at nye verksemder veks fram.

- Det er også svært viktig at me legg til rette for omstilling, seier Andersen.

Dag Terje Andersen ved den nye kablingsmaskina i Tønsberg
Dag Terje Andersen ved den nye kablingsmaskina i Tønsberg.



17. januar 2007