Historisk arkiv

Betre tilrettelegging for næringslivet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Det vert no lagt til rette for betre og meir effektiv elektronisk samhandling mellom det offentlege og næringslivet. Stortinget har vedteke regjeringas forslag til lovendringar på området.

Pressemelding

Nr.: 40/06
Dato: 9 . juni 2006
Kontaktperson: Informasjonsrådgjevar Arvid Samland, tel. 22 24 65 6

Betre tilrettelegging for næringslivet

Det vert no lagt til rette for betre og meir effektiv elektronisk samhandling mellom det offentlege og næringslivet. Stortinget har vedteke regjeringas forslag til lovendringar på området. Dette er i samsvar med regjeringas mål om gode elektroniske tenester til næringslivet.

– Elektroniske tenester vil forenkle kvardagen for dei næringsdrivande og frigjere meir tid til verdiskaping i bedriftene. Det er eit mål at Noreg skal vere leiande internasjonalt når det gjeld elektronisk kommunikasjon mellom det offentlege og brukarane, seier nærings- og handelsminister Odd Eriksen.

Endringane i Føretaksregisterlova, Einingsregisterlova og Rekneskapslova (Ot.prp. nr. 67 (2005-2006)) sikrar at regelverket vert tilpassa dei nye løysingane. Retten til å få ut elektronisk informasjon frå registra vert også lovfesta. Vidare skal føretak få registrert selskaps- og rekneskapsopplysningar på fleire språk enn norsk. Dette er viktig for dei som har aktivitetar internasjonalt.

– Vi arbeider med å få på plass ei fullverdig løysing for elektronisk registrering til Føretaksregisteret og Einingsregisteret i Altinn-portalen. Då vil det også leggjast til rette for bruk av elektronisk signatur, seier Eriksen.

Etter endringane skal brukarane kunne påleggjast å sende inn opplysningar elektronisk til Føretaksregisteret, Einingsregisteret og Rekneskapsregisteret. Det er enno ikkje avgjort når eit slikt pålegg kan innførast og kven det skal gjelde. Dette vil mellom anna vere avhengig av kor stor auken i bruken av elektronisk innrapportering vert framover. I første omgang vil regjeringa vurdere positive stimuleringstiltak, til dømes ved at det vert dyrare å senda inn opplysningar på papir enn elektronisk.