Historisk arkiv

Nærings- og handelsministeren deltar på Haugesundkonferansen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Nærings- og handelsdepartementet

Nærings- og handelsminister Odd Eriksen deltar på Haugesundkonferansen tysdag 7. februar. Statsråden legg fram regjeringas syn på skipsfartspolitikken. Korleis vil skipsfartsnæringane merka at det er ei ny regjering på plass?

Pressemelding

Nr.: 06/06
Dato: 6. februar 2007
Kontaktperson: Informasjonsrådgjevar Arvid Samland, tel. 93 05 14 58

Nærings- og handelsministeren deltar på Haugesundkonferansen

Nærings- og handelsminister Odd Eriksen deltar på Haugesundkonferansen tysdag 7. februar. Statsråden legg fram regjeringas syn på skipsfartspolitikken. Korleis vil skipsfartsnæringane merka at det er ei ny regjering på plass?

Sjøfartsdirektoratet flyttar til Haugesund i løpet av 2006, og statsråden besøkjer byggeplassen og direktoratets opplæringsavdeling i Haugesund. Eriksen legg vekt på at Vestlandet og Haugesund vil få tilført viktig kompetanse på sjøtryggleik når Sjøfartsdirektoratet flyttar.

  • Kl. 15.00: Nærings- og handelsministeren møter sjøfartsdirektør Rune Teisrud og ordførar Petter Steen jr. på byggeplassen i Haugesund sentrum. Kort omvising.
  • Kl. 15.15: Statsråden besøkjer opplæringsavdelinga til Sjøfartsdirektoratet, der nytilsette får opplæring. Stad: Haraldsgaten 132.
  • Kl. 16.05: Statsråden held innlegg på Haugesundkonferansen: Ny regjering – ny skipsfartspolitikk. Stad: Rica Maritim Hotell.

Pressa er velkomen til å følgja statsrådens program.