Historisk arkiv

Utdrag frå olje- og energiminister Odd Roger Enoksens kalender for veke 3

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 07/06
Dato: 12.01.2006

Kontaktperson: Sissel Edvardsen, 22 24 61 09

Utdrag frå olje- og energiminister Odd Roger Enoksens kalender for veke 3

Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: regjeringskonferanse på statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00.

Måndag 16. januar
Olje- og energiminister Odd Roger Enoksen møter sin svenske kollega, samhällsbyggnadsminister Mona Sahlin for å diskutere energipolitiske tema.

Kl. 11.00 vil dei to ministrane vere tilgjengelege for pressen på Radisson SAS Airport Hotell på Gardermoen.

Olje- og energiminister Odd Roger Enoksen har invitert ni selskap frå Midt-Noreg til eit møte om kraftsituasjonen. Møtet finn stad måndag 16. januar frå kl. 15.00 til 17.00 på statsrådens kontor i Olje- og energidepartementet, Einar Gerhardsens plass 1.

Pressen er velkomne til å treffe statsråden og dei andre møtedeltakarane etter møtet.

Tysdag 17. og onsdag 18. januar
Statsråd Enoksen deltek på det 26. oljeindustripolitiske seminaret på Rica Park Hotel i Sandefjord. Arrangør er Norsk Petroleumsforening. Statsråden held foredrag kl. 13.15 tysdag og deltek i paneldiskusjonen kl. 10.30 onsdag.

Pressekontakt for statsråden er Sissel Edvardsen, 90 19 73 82.

Torsdag 19. januar
Kl. 13.00 Olje- og energiminister Odd Roger Enoksen held innlegg på fagseminaret 'Folkerett og ressursforvaltning i nord – Norge i geopolitikkens brennpunkt'. Seminaret vert halden på Radisson SAS Hotell i Tromsø.

Arrangør er Norsk Institutt for Strategiske Studier. Les meir om seminaret.

Påmelding via websida eller til Eva Løvseth,
eva@hotellmegleren.no, tlf. 23 13 15 14.