Historisk arkiv

Utdrag frå olje- og energiminister Odd Roger Enoksens kalender for veke 50

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Pressemelding

Nr.: 138/06
Dato: 07.12.2006
Pressekontakt: telefon 815 73 500

Utdrag frå olje- og energiminister Odd Roger Enoksens kalender for veke 50

Statsministeren og statsrådane har normalt følgjande faste postar i sine vekeprogram: regjeringskonferanse på statsministeren sitt kontor måndag og torsdag kl 12.15, og Statsrådets møte på Slottet fredag kl 11.00.

Nedanfor følgjer olje- og energiministerens program for dagane framover slik det ser ut pr. dags dato. Det gjerast merksam på at avtaler fort kan endras. Oppdateringar blir lagt ut etter kvart på statsrådens kalender på Odin: http://odin.dep.no/oed/norsk/dep/minister/kalender/bn.html.

Måndag 11. – Onsdag 13. desember
Olje- og energiminister Odd Roger Enoksen reiser til Libya.

Pressekontakt for statsråden i Libya er informasjonsrådgjevar Trude Larstad, 936 67 742.

Program for turen:

Måndag 11. desember
Statsråd Enoksen foretar den offisielle opninga av Statoils kontor i Tripoli.

Seinare på dagen har statsråden møter med norske oljeselskap og leverandørbedrifter basert i Libya.

Tysdag 12. desember
Olje- og energiminister Odd Roger Enoksen har møte med Dr. Shukry Ghanem, leiar av det nasjonale oljeselskapet (NOC).

Deretter vil statsråden ha lunsj med leiarar av ulike internasjonale oljeselskap i Tripoli, der han vil bli informert om deira verksemd i Libya.

På kvelden er statsråd Enoksen vert for ei mottaking med representantar frå norske og internasjonale oljeselskap, diplomatar og representantar frå det offentlege.

Onsdag 13. desember
Statsråd Enoksen besøkjer oljefeltet NC 186 i El Sharara før heimreise.

Fredag 15. desember
Olje- og energiminister Odd Roger Enoksen har møte med Trøndelagsrådet om kraftsituasjonen i Midt-Noreg.