Historisk arkiv

Stadfesting av konsesjon for ny kraftline i Setesdalen - Fornying av konsesjon for Brokkenettet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Olje- og energidepartementet

Olje- og energidepartementet har i dag avslutta klagehandsaminga og stadfesta Statnett sin konsesjon for bygging av ny 420 kV kraftline frå Skåreheia i Birkenes kommune til Holen i Bykle kommune. Høgspentlina vil forsterke kraftforsyninga i Sør-Noreg.

Olje- og energidepartementet har i dag avslutta klagehandsaminga og stadfesta Statnett sin konsesjon for bygging av ny 420 kV kraftline frå Skåreheia i Birkenes kommune til Holen i Bykle kommune. Høgspentlina vil forsterke kraftforsyninga i Sør-Noreg. I tillegg vil den nye lina vere viktig for elektrisitetsutvekslinga knytt til sjøkabelen til Nederland, som kjem i drift i løpet av hausten.

Statnett får konsesjon til å bygge heile den nye lina som luftline. Departementet har fått utgreia og grundig vurdert fleire alternativ knytt til kabellegging frå Brokke i Valle kommune til Holen, anten i tunnel eller nedgrave i hovudsak langs riksvegen. Tunnelalternativa er ikkje realistiske å gjennomføre spesielt av tekniske årsaker og av omsyn til driftstryggleiken. Ei nedgraving vil ha store negative verknader for miljøet i tillegg til å svekke driftstryggleiken. Tid og økonomi har og vore vurdert. Departementet har difor kome til at nettforsterkinga gjennom Setesdalen skal byggast som ei luftline.

På den øvste strekninga mot Holen har departementet gjeve konsesjon til det austlegaste alternativet. Dette vil gje minst negative verknader for villreinen og sikre det viktige mangfaldet av artar i området. Noreg har eit særskilt ansvar internasjonalt i forvaltinga av villrein.

I eit anna vedtak i dag gjev departementet Otra Kraft DA fornya konsesjon på Brokkenettet. Ved Førevatn i Froland kommune og Birkenes kommune skal Brokkelina flyttast til same trase som den nye 420 kV lina. Dagens Brokkeline går gjennom eit fritids- og hytteområde i sterk vekst, og flyttinga vil føre med seg at dette området vil bli meir attraktivt og kan nyttast på ein betre måte.

Otra Kraft DA skal også sanere ei av dagens to liner som kryssar Setesdalen ved Brokke i Valle kommune. Den nye 420 kV lina kan nytte traseen til den sanerte lina slik at det framleis vil vere to liner som kryssar Setesdalen ved Brokke som i dag.