Historisk arkiv

Gratis parkering for alle el-køyretøy på offentlege parkeringsplassar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsdepartementet går no inn for å endre reglane for parkering, slik at alle el-motorvogner får fritak frå å betale avgift på offentlege parkeringsplassar. I dag er det berre el-køyretøy som er klassifisert som bil som har rett til eit slikt fritak.

Samferdselsdepartementet går no inn for å endre reglane for parkering, slik at alle el-motorvogner får fritak frå å betale avgift på offentlege parkeringsplassar.

I dag er det berre el-køyretøy som er klassifisert som bil som har rett til eit slikt fritak.

- Regjeringa ønskjer å legge betre til rette for auka bruk av el-køyretøy av omsyn til miljøet. Eg meiner det ikkje er grunn til å skilje mellom el-køyretøy klassifisert som bil og dei som er klassifisert som firehjuls motorsyklar når det gjeld fritak frå parkeringsavgift, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete. Samferdselsdepartementet vil no syte for at saka vert sendt ut på høyring.

Samferdselsdepartementet går inn for at el-køyretøy av høveleg storleik, til dømes ”Buddy”, skal kunne parkerast på tvers innanfor oppmerka felt, men vil ikkje opne for ein generell moglegheit for at tre- og firehjuls el-motorvogner får parkere på plassar skilta for motorsykkel og moped.

Samferdselsdepartementet går vidare inn for å endre forskrifta om verneutstyr, slik at det ikkje lenger vert stilt krav om bruk av hjelm i tre- og firehjuls motorsyklar/mopedar som har montert bilbelte.