Historisk arkiv

Første bil med HY-skilter

Hydrogenbilar får køyre i kollektivfelta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

I dag vart ein hydrogenbil registrert med HY-skilter for første gang i Noreg. Den første registeringa skjedde på trafikkstasjonen på Risløkka i Oslo. SamferdselsministerLiv Signe Navarsete var til stade da Bjørn Nenseth frå miljøbil Grenland mottok skilta til bilen sin.

- Eg ynskjer å bidra til satsing på hydrogen som eit alternativt, framtidsretta og miljøvenleg drivstoff for køyretøy. Som eit ledd i denne satsinga, ynskjer eg å gjere dei mest miljøvenlege hydrogenbilane meir synlege, og eg vil difor at køyretøy som berre vert driven fram med hydrogen skal ha ”HY” som bokstavkombinasjon på kjennemerket.

Samferdselsdepartementet vil foreslå endringar i trafikkreglane for å gje alle hydrogenbilar høve til å nytte kollektiv- og sambruksfelt.