Historisk arkiv

E-39 Trekantsambandet: Lågare bompengeutgifter for rullestolbrukarar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Omlegging og forenkling av takstsystem for bompengeinnkrevjing skal ikkje skje på ein måte som fører til vesentleg auke i reiseutgiftene for trafikantar som er rørslehemma og som er avhengig av drosje- eller spesialtransport, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete. (15.09.06)

Pressemelding

Nr.: 76/06
Dato: 15.09.06

E-39 Trekantsambandet: Lågare bompengeutgifter for rullestolbrukarar

- Omlegging og forenkling av takstsystem for bompengeinnkrevjing skal ikkje skje på ein måte som fører til vesentleg auke i reiseutgiftene for trafikantar som er rørslehemma og som er avhengig av drosje- eller spesialtransport.

Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete, i samband med at Samferdselsdepartementet no har bede Vegdirektoratet om syte for at det i bompengeinnkrevjinga på E39 Trekantsambandet i Hordaland blir innført ei ordning som betre ivaretar omsynet til dei som er rørslehemma.

Etter omlegginga av takstsystemet i Trekantsambandet frå 1. april i år, vart maxi-drosje og ein del andre biltypar rekna som ”stor bil”, medan dei tidlegare vart rekna som ”liten bil”. Dette førte til at bompengetaksten for desse køyretøya gjekk opp frå 85 kroner til 270 kroner. Slike køyretøy blir ofte nytta i transport av rullestolbrukarar og andre personar som er rørslehemma, og denne gruppa av trafikantar fekk dermed vesentleg høgare reiseutgifter. – Eg har difor bede om at Vegdirektoratet får til ei ordning som gjer at rørslehemma i ”maxi-drosje” eller i spesialtransport på E39 Trekantsambandet skal få refundert mellomlegget som svarer til skilnaden i taksten for stor og liten bil, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Til redaksjonen

For fleire opplsyningar – sjå brev av 15.september frå Samferdselsdepartementet til Vegdirektoratet.