Historisk arkiv

Ministermøte i Balestrand: Sterkare nordisk-baltisk samarbeid om transport

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Nordiske og baltiske transportministrar møttest 20. og 21. juni i Balestrand i Sogn og Fjordane. (21.06.06)

Pressemelding

Nr.: 53/06
Dato: 21.06.06

Ministermøte i Balestrand: Sterkare nordisk-baltisk samarbeid om transport

Nordiske og baltiske transportministrar møttest 20. og 21. juni i Balestrand i Sogn og Fjordane.

Transportministrane har ved møtet i Balestrand blitt samde om innhald og organisasjonsmessig struktur for framtidig samarbeid på transportområdet, etter at nordisk samarbeid på dette området frå og med 2006 ikkje lenger er ein del av oppgåvene til Nordisk ministerråd.

- Med utvidinga av EU har nær heile den baltiske regionen, med unntak for Russland, blitt lagt inn under EU sin transportpolitikk. Ei rekkje saker på bi- og mulitilateralt plan er no ein del av saksområdet i EU. For å skape ein framtidig sterk nordisk-baltisk region, er det viktig å få til eit godt samarbeid mellom landa. Eg er difor glad for at vi i tida framover kjem til å styrkje samarbeidet ytterlegare, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

I løpet av møtet la Finland fram sine prioriteringar for det kommande EU- presidentskapet. Andre saker med EU tilknytning vart også diskuterte ved møtet. I eit uformelt møte etter ministermøtet, diskuterte Noreg og Finland også andre saker av felles interesse, blant anna postliberalisering, telekommunikasjon og luftfartspolitikk. I tillegg presenterte ITS Norway ulike løysingar for bruk av teknologi i transportsektoren, såkalla intelligente transportsystem, ITS.

Pressekontakt:
Informasjonsrådgjevar Melita Ringvold Hasle,
Samferdselsdepartementet, tlf. 95 12 19 83

Program for møtet

Deltakarliste

Press release in English