Historisk arkiv

Konkurranse i kollektivtransporten:

Viktig å sikre rettane til tilsette i rutenæringa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Konkurranseutsetjing av kollektivtransport må ikkje gå ut over rettane til dei tilsette i ruteselskapa. Dette sa samferdselsminister Liv Signe Navarsete då ho måndag mottok ei utgreiing av økonomiske og administrative verknader av å styrkje dei tilsette sine rettar ved anbod i kollektivtransporten.

- Å sikre rettane til arbeidstakarane er like viktig som innsparingane som anbod i somme tilfelle kan gje i budsjetta til offentlege oppdragsgjevarar. Slike moglege innsparingar må difor vegast opp mot følgjene for dei tilsette, sa Navarsete.

Transportøkonomisk institutt fekk i juni i år i oppdrag frå Samferdselsdepartementet  å lage denne utgreiinga, med bakgrunn i at Soria Moria-erklæringa slår fast at arbeidstakarane skal sikrast dei same rettane ved anbodsoverdraging som ved verksemdsoverdraging. Samferdselsdepartementet vil arbeide vidare med eit lovframlegg som sikrar desse rettane.

Rapporten er skriven av forskingsleiar Oddgeir Osland og forskar Merethe Dotterud Leiren, og kan lastast ned frå nettsidene til Transportøkonomisk institutt: