Historisk arkiv

Trafikkstasjonane til Statens vegvesen: Ingen nedleggingar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete offentleggjorde i dag at ingen trafikkstasjonar skal leggjast ned.

Samferdselsminister Liv Signe Navarsete offentleggjorde i dag at ingen trafikkstasjonar skal leggjast ned.

Samferdselsdepartementet har i dag avgjort at tenestetilbodet ved stasjonane som ifølgje planar frå 2004 skulle leggjast ned, skal vidareførast slik tilbodet er i dag. Avgjerda kjem etter ein lang prosess der Statens vegvesens forslag til endringar av strukturen og tenestetilbodet til trafikkstasjonane har vore på høring.

- Trafikkstasjonane til Statens vegvesen utgjer eit viktig offentleg tilbod for folk og for næringsliv. Dei trengst til registrering, førarprøve, førarkort, utlevering av skilt og oblat  og mykje meir. Eg legg stor vekt på verdien av nærleik og korte avstandar for kundane, og likeverd i tilbod over heile landet, og difor vil eg ikkje leggje ned desse stasjonane slik det var vedteke i 2004, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete.

Desse lokaliseringane av trafikkstasjonstilbod var vedtekne lagde ned i 2004, men vert ført vidare no:

  • Mandal
  • Støren
  • Brekstad
  • Rissa
  • Åfjord
  • Sandnessjøen
  • Moss
  • Drøbak
  • Kongsberg
  • Larvik
  • Rjukan
  • Dalen
  • Kragerø
  • Evje

Det er etter dette totalt 84 stader med trafikkstasjonstilbod i Noreg.

Last ned:

Priv. til red.: Halden og Vrådal var feilaktig med i den første oversikta over tenestetilbod som vart publisert.