Historisk arkiv

Utbetringsarbeid i Ålesundstunnelane: Ekstraferjer ved kvelds- og nattestengde tunnelar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Ålesundstunnelane skal setjast i stand, men arbeidet vart i vår mellombels stansa. Samferdselsdepartementet tilrår no at tunnelane under utbetringa vert stengde frå kl. 18.00 og fram til kl. 06.30, og at det vert sett inn ferje og lagt til rette for omkøyring.

Det er dei faglege vurderingane frå Vegdirektoratet som ligg til grunn for Samferdselsdepartementet sitt råd i denne saka.

Arbeidet med å utbetre dei to undersjøiske tunnelane på riksveg 658 mellom Ålesund, Ellingsøy og Valderøy vart mellombels stansa i vår, med bakgrunn i nye krav frå Arbeidstilsynet. Avgjerda om stans i arbeidet vart teken av Vegvesenet, i samråd med Samferdselsdepartementet.

Det vert no ein ny konkurranse om arbeidet, der kvelds- og nattestenging vert lagt inn som føresetnad. Trafikken gjennom Ålesundstunnelane (Ellingsøytunnelen og Valderøytunnelen) går som normalt fram til arbeidet vert sett i gang på nytt.

Priv. til red.:
Samferdselsminisiter Liv Signe Navarsete er tilgjengeleg for kommentarar via Informasjonsseksjonen i Semferdselsdepartementet: telefon 22 24 83 79