Historisk arkiv

Samferdselsdepartementet: Per-André Torper konstituert som avdelingsdirektør

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Underdirektør Per-André Torper er i statsråd i dag konstituert som avdelingsdirektør i Samferdselsdepartementet fram til 31. august 2013.

Underdirektør Per-André Torper er i statsråd i dag konstituert som avdelingsdirektør i Samferdselsdepartementet fram til 31. august 2013.

Per-André Torper skal fylla det ledige vikariatet som avdelingsdirektør etter Anne Brendemoen i Miljøseksjonen i Strategi-, miljø- og administrasjonsavdelinga. Han er tilsett som underdirektør i seksjonen og er i dag nestleiar.

Torper er 50 år og har vore tilsett i Samferdselsdepartementet sidan 1987. Han blei utnemnd til underdirektør i 2006. Torper er cand.polit. med samfunnsøkonomi som hovudfag frå Universitetet i Bergen i 1986. Han har òg arbeidd i Miljøverndepartementet.