Historisk arkiv

Det rådgivande forum for sivil transportberedskap

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

Av statssekretær Steinulf Tungesvik

Det rådgivande forum for sivil transportberedskap

Opningsforedrag på det fyrste møte 14. juni 2006, av statssekretær Steinulf Tungesvik

Det er ei glede for meg å kunne ønskje dykk velkomen til det fyrste offisielle møte i det rådgivande forum for sivil transportvernebuing. Eg er glad for den positive responsen forumet har fått blant etatane, verksemdene og ute i næringsorganisasjonane. Forumet er av stor verdi for departementet. Vi trur dei årlige møta vil danne grunnlaget for ein god dialog den dagen det oppstår ein krise kor departementet treng å rådføre seg med forumet.

Det rådgivande forum for sivil transportberedskap blei som de alle hugsar konstituerte 15. november i fjor (2005). Forumet skal vere eit rådgivande fagorgan for Samferdselsdepartementet i førebygging og handtering av krisar i transportsektoren. Vi håpar og trur forumet skal føre til ei betre koordinering av transportberedskapen mellom dei ulike transportgreinene. Vi har også ein ambisjon om at dei tema vi tek opp skal vere aktuelle og føre til auka beredskapskompetanse blant aktørane. Forumet skal vere ein arena for gjensidig orientering om aktuelle saker, beste praksis o.a.

Forumet har som de veit ikkje avgjerdsmakt. Departementet vil følgjeleg heller ikkje leggje bindingar på dykk som medlemer ved ei eventuell krisehending. Dei tilrådingar dykkar kjem med vil på ordinær måte følgjast opp i plan- og budsjettprosessar i departementet. Forumet vil følgjeleg ikkje ha noko operativ funksjon i krise.

Vi vil halde årlege møter i forumet. I år vurderer vi også å ha eit møte til hausten, slik at forumet kan få etablert seg på ein god måte. Det er ei rekke pågåande prosjekt og prosesser som departementet ønskjer å orientere om. I ein situasjon med endring i trusselbiletet kan vi innkalle dykk på kort varsel. Vi vil i kvart enkelt tilfelle vurdere om heile eller delar av forumet skal innkallast, avhengig av krisen sin art og omfang.

Eg synest dagens møte er spesielt spennande. Sida dette er det fyrste møtet i forumet ønskte vi å løfte blikket for å sjå nærare på terrorismen som eit samfunnsfenomen og som ein særskilt utfordring innan transport. Vi er så heldige å ha J Peter Burgess frå Fredsforskningsinstituttet PRIO og Brynjar Lia frå Forsvarets Forskningsinstitutt med oss i dag til å framføre om ulike sider ved terrorismen. J Peter Burgess har kalla sitt foredrag "Å true samfunnet: Terrorisme og sosiale verdiar", mens Brynjar Lia vil framføre om "Terroraksjonar mot transportrelaterte mål: trendar og utviklingstrekk". Eg trur begge føredraga vil føre til auka kunnskap og innsikt i terrorisme både som eit moderne fenomen og som ein historisk realitet.

Eg trur det er viktig å ha ein kontinuerleg dialog om korleis vi skal kjempe mot terrorisme. Det finst ikkje eitt svar eller berre ei løysing på dei utfordringane terrorisme stiller oss ovanfor. Årsakene til terror er mangearta, og terroren sitt uttrykk er mangfaldig. Frykta for terror påverkar oss i kvardagen. Den gjer noko med oss som samfunn og enkeltindivid. Det er i den kontekst viktig å diskutere terrorisme som eit samfunnsfenomen, ein realitet vi i den daglege planlegginga er nøyd til å ta på alvor, men som vi samstundes må vurdere opp mot dei verdiane vi ønskjer at dette samfunnet skal bygga på.

Faren for terror utfordrar vårt grunnleggjande ønske om å ha eit ope samfunn, eit samfunn der transportsystemet er tilgjengeleg, effektivt og ikkje minst trygt. Den utfordrar rettstryggleiken til den einskilde, som ved utvida bruk av overvaking med kamera, kontroll av passasjerar, tilsette o.a. Det er derfor etter mitt skjøn viktig å ha gode og brede diskusjonar om korleis samfunnet skal møte terroren. Vi må ha kunnskap om ulike sider ved terrorismen for å gjere oss betre i stand til å vurdere konsekvensane av dei tiltak og løysingar som blir vald.

Terrorisme er sjølvsagt ikkje berre ei utfordring for transportsektoren, det er ei utfordring for heile samfunnet. Det er derfor viktig å sjå tiltak innan transport i samanheng med tiltak som blir gjort innan andre sektorar og samfunnsområde blant anna innan politi og etterretning.

Vi huskar alle Madrid 11. mars 2004 og bombeaksjonane i London 7. juli 2005. Terroren har med eitt kome oss nærare. I rapporten Når sikkerheit er viktigst skriv infrastrukturutvalet at sjølv om større hendingar innan transportsektoren ikkje set den ut av funksjon, vil store ulukker og terrorhendingar kunne svekkje den nasjonale følelsen av tryggleik. Det vil kunne reisast spørsmål ved styresmaktene sin legitimitet og evne til å førebyggje og handtere krisehendingar. Forumet er viktig fordi det gir oss eit høve til å diskutere med dykk korleis denne typen utfordringar i framtida bør handterast.

Store delar av matvarelagera er til ei kvar tid på hjul. Just-i-tide prinsippet aukar samfunnet si binding til sikre og klare transporttenester. Luftfart og jarnbane er heilt avheng av sentral trafikkstyring. Det viser det mangfald som møter oss når sikring av transport skal diskuterast. Det viser også kor utsett vi kan vere ved ei større krise eller terrorhending. Internasjonalt skjer det også mykje på dette området. Vi har allereie eit internasjonalt regelverk for tryggleik innan sjø- og luftfart. EU - kommisjonen har laga forslag til godkjenningsordning for sikre operatørar i logistikk- og forsyningskjeda. EU-kommisjonen har foreslått eit program for sikring av kritisk infrastruktur, samt har til vurdering ei forordning for auka tryggleik innan jarnbane og kollektivtransport. Dette er spørsmål vi vil kome tilbake til og drøfte med dykk på eit seinare møte.

Den andre delen av dagen vil vi nytte til å drøfte med dykk korleis vi skal arbeide vidare i forumet, for å sikre at Det rådgivande forumet kan nyttast ved ein framtidig krisesituasjon, og at forumet blir ein arena for informasjonsutveksling og diskusjon. Det kan blant anna vera aktuelt å invitere heile eller delar av forumet til ei krisehandteringsøving med departementet, eller bruke enkeltmedlemer på øvingar departementet deltek i i regi av andre. Det kan også vere aktuelt å invitere heile eller delar av forumet til drøftingar rundt konsekvensar av eventuelle forslag til forordningar frå EU- kommisjonen om tiltak innan tryggleik og beredskap, som del av den interne saksbehandlinga i departementet.

Dette ønskjer vi å diskutere meir med dykk seinare i dag.

Eg ønskjer godt møte vidare!