Historisk arkiv

- Ei forventa overrasking

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Statsministerens kontor

Finanskrisa var temaet for statsminister Jens Stoltenbergs tale til Nordisk Råd tysdag. Stoltenberg viste til at både IMF, OECD og Verdsbanken lenge har åtvara mot ei slik krise, men at både omfang, tempo og tidspunkt kom som ei overrasking.

Jens Stoltenbergs tale til Nordisk Råd. Foto: Magnus Fröderberg/Norden.org
Statsminister Jens Stoltenberg talte til Nordisk Råd i den finske Riksdagen i Helsingfors. Foto: Magnus Fröderberg/Norden.org.

- Det er for lengst kjent at marknadane ikkje kan styra seg sjølv. Dei kan ikkje styra, men må styrast. Fellesskapen må ta ansvar, både fordi det er i vår interesse og fordi me treng å senda eit klart signal til resten av verda, sa Stoltenberg.

Les meir om statsministerens tale på Norden.org.