Historisk arkiv

Diskuterte utviklinga i Europa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Statsministerens kontor

Statsminister Jens Stoltenberg var 22. februar i Brussel der han møtte leiinga i EU. I tillegg møtte han norske aktørar i Brussel. Sentrale tema for samtalane var den økonomiske situasjonen, utviklinga i nordområda, energi- og klimaspørsmål og forenkling.

Statsminister Jens Stoltenberg var i dag i Brussel der han møtte leiinga i EU. I tillegg møtte han norske aktørar i Brussel. Sentrale tema for samtalane var den økonomiske situasjonen, utviklinga i nordområda, energi- og klimaspørsmål og forenkling.

Statsminister Jens Stoltenberg og president i Det europeiske råd Herman Van Rompuy i Brussel.
Statsminister Jens Stoltenberg møtte president i Det europeiske råd Herman Van Rompuy i Brussel. (Foto: Stian Mathisen, EU-delegasjonen.)

Europas skjebne er vår skjebne. Difor er det viktig for Noreg å ha god kontakt med EU på alle nivå. For to månader sidan var EU-leiarane i Oslo. Vi hadde gode samtalar då, og dette har vi fulgt opp i dag. Vi har eit tett samarbeid med EU, både gjennom EØS og i andre saker, og eg er glad for dei konkrete og framtidsretta diskusjonane med EU-leiarane i dag, seier Stoltenberg.

Fredag vart EUs økonomiske utsikter for det neste året presentert av EUs økonomikommisær Olli Rehn. Statsministeren møtte Rehn litt seinare på dagen, der dei to diskuterte innhaldet i dei nye prognosane.

Statsministeren møtte også presidenten i Europakommisjonen, Jose Manuel Barroso. I tillegg til den europeiske finanskrisa og aktuelle saker mellom Noreg og EU, diskuterte dei utviklinga i nordområda og Arktis, og internasjonale energi- og klimaspørsmål.

Stoltenberg møtte også norske aktørar i Brussel, blant anna LO, NHO, KS, norske bedrifter og fleire av dei norske regionkontora som er representerte i Brussel. I møtet drøfta dei blant anna korleis norske økonomiske og politiske interesser på best måte kan fremjast overfor EU. Han diskuterte også forenkling med norske, nasjonale ekspertar som arbeider i Brussel.

Se bilder fra Brussel-besøket