Historisk arkiv

Frå statsministerens program veke 2 - oppdatert

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Statsministerens kontor

Oppdatert versjon

Pressemelding

Nr.: 7/2006
Dato: 10.01.06

Frå statsministerens program veke 2 - oppdatert

Priv. til red.:

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse på Statsministerens kontor måndag og torsdag kl. 12.15, og statsrådsmøte på Slottet fredag kl. 11.00.

NB: ny tid og ny stad for gjesting i Vestfold torsdag 12. januar

Onsdag 11. januar:
Kl. 16.00 tek statsministeren imot Tsjekkias statsminister, Jiri Paroubek, på Statsministerens kontor. Det er høve til å fotografere. Etter samtalen, om lag kl. 17.00, er dei to tilgjengelege for pressefolk same staden.

Kl. 19.30 er statsministeren vert for ein middag i høve den tsjekkiske gjestinga, i Parkvegen 45 i Oslo. Det er høve til å fotografere idet gjestene kjem.

For andre detaljar i Paroubek sitt program i Oslo viser vi til eiga melding herifrå 6. januar.

Torsdag 12. januar:
Torsdag 12. og fredag 13. januar gjestar statsministeren Vestfold, Agder-fylka og Rogaland. Pressekontakt er statssekretær Torbjørn Giæver Eriksen, telefon 99 54 19 11.

Kl. 11.45 gjestar statsministeren Color Line sin terminal Larvik, for å møte leiarar og tillitsvalde.

Kl. 16.00 gjestar statsministeren Grimstad kulturhus saman med statssekretær Mette Gundersen i Kultur- og kyrkjedepartementet, i samband med at Kortfilmfestivalen får status som nasjonal knutepunktsinstitusjon. Om lag kl. 16.30 er statsministeren tilgjengeleg for pressefolk same staden.

K. 17.30 har statsministeren arbeidsmiddag med fylkesleiinga i regjeringspartia i Aust- og Vest-Agder, i Lillesand.

Kl. 19.00 talar statsministeren på ope møte i regi av dei tre regjeringspartia, i eTeateret i Lillesand. Frå kl. 18.45 er statsministeren tilgjengeleg for pressefolk same staden.

Statsministeren reiser vidare til Stavanger om kvelden.

Fredag 13. januar:
Kl. 09.00 held statsministeren føredrag på St. Svithun vidaregåande skule i Stavanger. Om lag kl. 10.20 er statsministeren tilgjengeleg for pressefolk same staden.

Kl. 11.50 gjestar statsministeren Kårstø-anlegget på Karmøy, saman med miljøvernminister Helen Bjørnøy og olje- og energiminister Odd Roger Enoksen. Dei vil presentere regjeringa sine ambisjonar når det gjeld miljøvenleg gasskraft.

Olje- og energidepartementet har i dag sendt ut presseinvitasjon til gjestinga på Kårstø. Pressefolk som tenkjer å dekke dette må snarast melde frå til Trude Larstad: trude.larstad@oed.dep.no - telefon 936 67 742.

Etter gjestinga på Kårstø reiser statsministeren attende til Oslo.