Historisk arkiv

Frå statsministerens program veke 24

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Statsministerens kontor

Pressemelding

Nr.: 80/2006
Dato: 9. juni 2006

Priv. til red.:
Frå statsministerens program

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i ukeprogrammet: regjeringskonferanse på Statsministerens kontor måndag og torsdag kl. 12.15, og statsrådsmøte på Slottet fredag kl. 11.00.


Onsdag 14. juni:
Kl. 09.30 tek statsministeren imot Sri Lanka sin utanriksminister, Mangala Samaraweera, på Statsministerens kontor. Det er høve til å fotografere idet dei møtest.
Kl. 12.15 talar statsministeren på arbeidslivskonferansen "BegeistRinger 2006", på Brunstad konferansesenter i Stokke. Pressekontakt er politisk rådgjevar Mina Gerhardsen, telefon 91 85 29 86.

Torsdag 15. juni
Kl 09.00 åpner statsminister Jens Stoltenberg, finansminister Kristin Halvorsen og kommunal- og regionalminister Åslaug Haga den utvidede delen av badestranden på Huk på Bygdøy.
Pressekontakt er statssekretær Anne Odden, mobil 97706159

Fredag 16. juni:
Kl. 14.00 tek statsministeren imot Li Changchun frå det kinesiske politbyrået, på Statsministerens kontor. Det er høve til å fotografere idet dei møtest.
Kl. 15.00 talar statsministeren på KK/Confex sin konferanse "Kvinner i vinden", i Oslo Konserthus.

Sundag 18. juni:
Frå 18. juni om kvelden til 20. juni om ettermidddagen er statsministeren vert for dei nordiske statsminstrane sitt sommarmøte på Svalbard. Vi viser til tidlegare melding om dette. Eit hovudtema i møtet er forvaltninga av nordområda.
Påmelde pressefolk har fått tilsendt eige program. Pressekontaktar er statssekretær Anne Odden – telefon 97 70 61 59, og informasjonssjef Øivind Østang – telefon 91 34 64 70.
Statsministrane kjem til Longyearbyen tidleg på kvelden, og møtest til middag.

Måndag 19. juni:
Kl. 09.00 har dei nordiske statsministrane politiske samtalar på Polar Hotel Spitsbergen. Samtalane vert avslutta med sams pressekonferanse om lag kl. 10.30.
Kl. 13.10 deltek statsministrane i markeringa av byggjestart for det internasjonale frølageret på Svalbard, ved Gruve 3 i Longyearbyen. For detaljar om lageret og markeringa viser vi til Landbruks- og matdepartementet, informasjonsrådgjevar Heidi Eriksen – telefon 97 51 72 27.
Om ettermiddagen dreg statsministrane på tur på Isfjorden med sysselmannskuta M/S "Nordsyssel". Ein pressepool med 4 personar (NTB (1), Scanpix (1), Svalbardposten (1) og fjernsyn (1)) følgjer med.
Om kvelden kjem statsministrane attende til Longyearbyen.

Tysdag 20. juni:
Om morgonen reiser statsministrane på gjesting til Ny-Ålesund, for å sjå Marinlaboratoriet og verte orientert om det internasjonale forskningsarbeidet som gjeng føre seg der. Påmelde pressefolk følgjer gjestinga.
Om ettermiddagen reiser statsminstrane attende til Longyearbyen for heimreise.