Historisk arkiv

Frå statsministerens program veke 26

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Statsministerens kontor

Pressemelding

Nr.: 88-06
Dato: 23.06.06

Frå statsministerens program veke 26

Priv. til red.:

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i ukeprogrammet: regjeringskonferanse på Statsministerens kontor måndag og torsdag kl. 12.15, og statsrådsmøte på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 26. juni:
Kl. 11.00 har statsministeren avsluttande pressekonferanse føre sommarferien, i Sjøbua på Skjærhalden på Hvaler. Det vert servering.

Kl. 13.45 kjem statsministeren til Halden, for å markere byggjestart for Halden fengsel.

Kl. 15.00 gjestar statsministeren LO si sommarpatrulje, i gågata i Sarpsborg.

Tysdag 27. juni:
Kl. 11.30 opnar statsministeren Den norske turistforeninga sin turveg Jotunheimstien – som går frå Oslo sentrum til Gjendesheim. Opninga finn stad i Vaterlandsparken i Oslo.

Kl. 12.15 gjestar statsministeren det nye sommarskoletilbodet i Oslo, på Sagene skole.

Torsdag 29. juni:
Ved middagstid reiser statsministeren til London, for å leie eit møte i FN sitt høgnivåpanel. Pressekontakt er politisk rådgjevar Mina Gerhardsen, telefon 91 85 29 86.

Måndag 3. juli:
Denne dagen er statsministeren i Geneve, for å leie eit møte i FN sitt høgnivåpanel. Pressekontakt er statssekretær Anne Odden, telefon 97 70 61 59.

Tysdag 4. juli:
Statsministeren er i Geneve for å leie møte i FN sitt høgnivåpanel. Pressekontakt er statssekretær Anne Odden, telefon 97 70 61 59.