Historisk arkiv

Frå statsministerens program veke 39

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Statsministerens kontor

Pressemelding

Nr.: 125-06
Dato: 22.09.06

Priv. til red.:

Frå statsministerens program veke 39

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i ukeprogrammet: regjeringskonferanse på Statsministerens kontor måndag og torsdag kl. 12.15 og statsrådsmøte på Slottet fredag kl. 11.00.

Fredag 22. september:
Kl. 12.00 lanserar statsministeren og helseminister Sylvia Brustad stortingsmeldinga om omsorgsutfordringane i framtida, på Rolvsrudhjemmet, Margaretas vei 11 i Lørenskog. Sjå invitasjon frå Helse- og omsorgsdepartementet.

Tysdag 26. september:
Kl. 14.30 leiar statsministeren eit møte om barnehageutbygging, med representantar for dei største kommunane i landet, på Statsministerens kontor. Det er fotohøve ved innleiinga. Etter møtet, om lag kl. 16.00, er deltakarane tilgjengelege for pressefolk.

Onsdag 27. september:
Kl. 09.30 tek statsministeren imot den kinesiske visestatsministeren Zeng Peiyan, på Statsministerens kontor. Det er fotohøve ved innleiinga.

Kl. 18.00 talar statsministeren om kampen mot barnedødelegheit, på Norges forskingsråd sin festkveld i Oslo Konserthus.

Torsdag 28. september:
Frå kl. 12.30 leiar statsministeren møte i Arbeidarpartiet sitt landsstyre, på Quality Airport Hotel på Gardermoen. Statsministerens tale kjem kl. 14.15.