Historisk arkiv

Frå statsministerens program veke 8

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Statsministerens kontor

Pressemelding

Nr.: 28/2006
Dato: 17.02.06

Priv. til red.:

Frå statsministerens program veke 8

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: regjeringskonferanse på Statsministerens kontor måndag og torsdag kl. 12.15, og statsrådsmøte på Slottet fredag kl. 11.00.

Fredag 17. februar:
Frå fredag 17. til sundag 19. februar gjestar statsministeren Dei XX. olympiske vinterleikane i Torino i Italia. Pressekontakt er ekspedisjonssjef Ingvard Havnen, telefon 95 46 83 83.

Statsministeren kjem til Torino om føremiddagen.
Kl. 14.00 følgjer statsministeren curlingkampen mellom Norge og Italia, i Pinerolo.

Kl. 20.00 deltek statsministeren i Norges Idrettsforbund sin middag i Sestriere.

Laurdag 18. februar:
Kl. 09.45 følgjer statsministeren langrennsstafetten for kvinner, i Pragelato.

Kl. 11.00 følgjer statsministeren super-G for menn, i Sestriere Borgata.

Kl. 12.30 følgjer statsministeren 10 km skiskyting jaktstart for kvinner, i San Sicario.

Kl. 14.30 følgjer statsministeren 12,5 km skiskyting jaktstart for menn, i San Sicario.

Kl. 18.00 følgjer statsministeren skihopping i storbakke, i Pragelato.

Sundag 19. februar:
Kl. 10.00 følgjer statsministeren langrennsstafett for menn, i Pragelato

Kl. 12.30 gjestar statsministeren Sjømannskyrkja, i Pragelato. Deretter mogleg gjesting i den norske skiskyttarleiren i San Sicario.

Statsministeren reiser attende til Oslo om ettermiddagen.